Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > 1,2 millionar har overnatta i Møre og Romsdal mellom januar og august 2018

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

1,2 millionar har overnatta i Møre og Romsdal mellom januar og august 2018

Hittil har 2018 vore eit godt år for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal. Veksten er på 3,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Måndag og tysdag 22. og 23 oktober er regional- og næringsutvalet på besøk i kommunane Herøy og Ulstein. Måndag fekk utvalet møte Per Sævik i Havila og høyre om selskapet si grøne satsing innan transport og reiseliv. Foto: Bergljot Landstad

I perioden januar – august 2018 har Møre og Romsdal hatt 1 215 403 overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Nordmenn er den desidert største og viktigaste kundegruppa for Møre og Romsdal og utgjer 59,8 prosent av talet på overnattingar. 

Utanlandske overnattingar har også hatt ein auke i perioden. Her har vi hatt ein auke tal besøkande frå USA, Frankrike, Italia, Polen og Tyskland, medan vi har hatt ein nedgang i tal besøkande frå land som Storbritannia, Sverige og Nederland. 

Under sitt politiske møte måndag 22. oktober får regional- og næringsutvalet orientering om utviklinga i reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - her kan du lese heile rapporten.