Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Arrangerer fylkets første opplevingsfestival i Fosnavåg 11. og 12. februar

Kontaktpersonar

Jan Sverre Sivertsen Jan Sverre Sivertsen
prosjektleiar
Mob. 414 50 642
Send e-post
Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Arrangerer fylkets første opplevingsfestival i Fosnavåg 11. og 12. februar

Fylkeskommunen går utradisjonelt til verks for å møte den auka etterspurnaden etter opplevingar i Møre og Romsdal.

Jan Sverre Sivertsen, prosjektleiar, inviterer til opplevingsfestival i Fosnavåg. (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

-Velkommen til reiselivsaktørar, kulturaktørar og produsentar av lokalmat og drikke. Velkommen til hotell- og restaurantfolk, til historieforteljarar og guidar. Velkommen til deg som tilbyr halsbrekkande action og til deg som tilbyr hagevandring. Velkommen til deg som har eit stort nettverk og til deg som ikkje har eit nettverk. Velkommen til deg som lagar ost eller brenn kaffi, velkommen enten du er versmeister eller amatør, materialist eller idealist, seier Jan Sverre Sivertsen. Han er prosjektleiar for satsinga Reiseliv mat og kultur i Møre og Romsdal, som fylkeskommunen driv i lag med Innovasjon Noreg og Fylkesmannen.

Velkommen til fylkets første opplevingsfestival som går av stabelen 11. og 12. februar i Fosnavåg. Vil du vere med, så meld deg på no!

Kva er ein opplevingsfestival?

-Dette er ein arena av, med og for aktørar som tilbyr ei eller anna form for oppleving, enten innafor kultur, reiseliv eller lokalmat. Her er poenget at aktørane sjølve skal møtast og danne nettverk for å utvikle nye opplevingsprodukt eller opplevingspakkar som vi kan tilby turistar, seier Sivertsen.

-Vi ønskjer å få til noko nytt ved at vi tonar ned tradisjonelle foredrag og rettar søkelyset mot deltakarane. Blant dei som har meldt seg på finn vi folk som har jobba på Michelin-restaurantar, nokon har designa smykke for Michelle Obama, vi finn ein verdsmeister i mat, ein polfarar og ein gründer som har bygd opp ein multimillion festivalindustri. Kva skjer når desse begynner å prate saman?, seie han.

-Pål K. Medhus, ein pioner innan opplevingsutvikling i Noreg, skal guide oss gjennom dei to dagane, og sørge for at koplingar oppstår mellom aktørane.

-Enten du kjem er reiselivsaktør, kulturaktør eller er produsent av lokal mat og drikke – her er alle like viktige uansett storleik og namn.