Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Bli med på Møre og Romsdals mest innovative festival på Åndalsnes 13-15 november

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Bli med på Møre og Romsdals mest innovative festival på Åndalsnes 13-15 november

Inspirerande tema, gode debattar og mange moglegheiter for å bygge nettverk skal lokke både gründerar, etablert næringsliv og offentleg tilsette frå heile fylket til Innovasjonsfestivalen som går av stabelen om ein knapp månad. 

Frå venstre: Kristoffer B. Jenssen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Håvard Ulvestad, Sparebanken Møre, May-Britt Roald, Møre og Romsdal fylkeskommune/hoppid, Ane Marte Almås Hammerø, Nordveggen, Heidi Nakken, ProtoMore, Geir A. Svenning, Høgskolen i Molde, Torunn Dyrkorn, Visit Nordvest

-Vi er svært glade for å ha med oss eit breitt innovasjons- og fagmiljø, og vi gler oss veldig til desse dagane, seier prosjektleiar og festivalsjef Ane Marte Almås Hammerø i utviklingsselskapet i Rauma, Nordveggen AS. 

-Nye idear oppstår og innovasjon skjer der folk møtest på tvers av fag og bransjar. Derfor ønsker vi å støtte opp om denne festivalen, seier teamleiar Kristoffer B. Jenssen i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunen bidrar økonomisk og May-Britt Roald og hoppid.no sit også i programkomiteen.

Innovasjon er gjennomgåande tema på festivalen, og dagane gir både fagleg påfyll, inspirasjon og mange rom for å møte folk. Det er lagt opp til foredrag i plenum, parallelle sesjonar, kurs og aktivitetar som rebusløp, pop-up yoga, fjelltur og, ikkje minst, opningsfest og festivalpub.

Detaljert program, festivalpass og påmelding finn du her

Gründer i magen?

Innovasjon er den raude tråden gjennom heile festivalen, og du kan plukke dei programpostane som er aktuelle for deg. 

Dersom du er gründer eller har ein forretningside, kan du velje blant fire kurs:

  • Bygg bedrift – kom deg videre
  • «Hvordan sette fart på en ide og gjøre den gryteklar
  • «Marknadsføring og sal på nett
  • Økonomi for etablerarar

Desse kursa går tysdag 13. november. Klikk på lenka over og les meir.

Onsdag 14. og torsdag 15. november er fullpakka med foredrag og aktivitetar.

  • «Design Thinking: Empathy in Practice»
  • «Helseinnovasjon»
  • «Ny teknologi i tradisjonelle bransjer»
  • ..og mykje, mykje meir.

Regional interesse for konferansen

Nordveggen AS er initiativtakar til festivalen, og har i løpet av dei fire åra festivalen har eksistert fått med seg ei lang rekke støttespelarar. Sparebanken Møre, Rauma næringslag og Møre og Romsdal fylkeskommune bidrar både økonomisk og i programkomiteen. - Vi støttar festivalen fordi vi er opptatt av å få til næringsutvikling i fylket, seier Håvard Ulvestad i Sparebanken Møre.