Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Blue Legasea til topps i nasjonalt klyngeprogram

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Lisbeth Nervik
Rådgivar fiskeri og havbruk
71 28 02 15
Send e-post

Blue Legasea til topps i nasjonalt klyngeprogram

Den marine klynga Blue Legasea blir Norwegian Center of Expertise. Møre og Romsdal fylkeskommune gratulerer. 

Det er hard konkurranse om å få NCE-status. Blue Legasea nådde heilt opp.  

I dag vart det kjent at den marine klynga Blue Legasea blir tatt opp i det nasjonale klyngeprogrammet NCE (Norwegian Center of Expertise). Det var næringsminister Torbjørn Røe Isaksen som formidla nyheita.

-Dette er veldig positivt og ei stadfesting av at Møre og Romsdal er eit nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt innafor marin næring, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Fylkeskommunen har vore ein støttespelar for klynga heilt sidan Omega3-bedriftene danna eit bedriftsnettverk for fleire år sidan. I dag omfattar klynga ei komplett verdikjede med mål om auka ressursutnytting, verdiskaping og lønsemd for norsk fiskerinæring og tilgrensande industri.

Med NCE-status tek klynga sikte på å forsterke satsingar både innan kompetanseoverføring og samarbeid mellom marin og maritim sektor, vidareutvikle og etablere verdikjeder for å auke bearbeidingsgraden av norsk råstoff og legge til rette for kommersialisering av sjømatprodukt med høg verdi til helse- og ernæringsmarknaden.

Det er hard konkurranse om marknaden for marine råstoff, og vekst i næringa vil vere avhengig av å kunne dokumentere helseeffekt og i kva grad ein greier å kommersialisere kunnskapen, heiter det i ein rapport som nyleg vart lagt fram for politikarane i regional- og næringsutvalet.