Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Den store samtalen om reiselivet i 2030

Kva vil vi at Møre og Romsdal og reiselivet på Vestlandet sjå ut som i 2030? Kva makt har vi til å prege utviklinga slik vi ønsker?

Børre Berglund (til høgre) var prosessleiar under workshopen. Her saman med rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther og prosjektleiar for fylkeskommunen si satsing på reiseliv, mat og kultur, Jan Sverre Sivertsen.  

Reiselivsfolk i Møre og Romsdal var nyleg samla for å gi sine innspel til kva dei ønskjer og meiner er viktig for reiselivsnæring. Det har også vore samlingar i dei andre Fjord Norge-fylka (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland).

-Det var stort engasjement og innsats under workshopen, og det kom inn mange gode innspel, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther. Det var fylkeskommunen som arrangerte workshopen. 

Nøkkeltall

Til grunn for diskusjonen har Menon utarbeidd nokre nøkkeltal for korleis næringa har utvikla seg sidan 2014. Rapporten viser at den samla omsetninga i næringa har auka jamt og trutt kvart år. Antall årsverk er ganske stabilt, noko som tyder på auka produktivitet. Den største veksten er på opplevingar, og lønnsemda for opplevingsbedrifter har auka. Det betyr altså at folk i større grad vel aktivitet først, før dei vel reisemål.

Trendane som påverkar

Ei rekke store trendar verkar også inn på reiselivet, slik som til dømes berekraft og miljøtrendar, teknologiske trendar som delingsøkonomi og politiske trendar og reguleringar. Og opplevingstrenden er berre i startfasen, skal vi tru trendforskarane. Turistane kjem til å etterspør opplevingar som er så sterke at dei drar oss i grunnvollane. Eskapisme, eller verkelegheitsflukt, kjem til å bli eit nytt buzz-ord, skal vi tru trendforskarane.

Kva vil Møre og Romsdal?

Kjenner vi oss att i dette bildet? Kva drivkrefter betyr mest for oss? Kva slags reiseliv ønskjer vi å ha? Kva meiner Vestlendingane? Dette var nokre av spørsmåla forsamlinga vart utfordra på.

Du finn heile rapporten til høgre på denne sida.