Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Fullt hus før kick-off for reiseliv, mat og kultur

Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Fullt hus før kick-off for reiseliv, mat og kultur

Tysdag 13. februar går startskotet for ei treårig satsing på reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal, med ei inspirerande og lærerik fagsamling på Quality Hotel Alexandra. 

Foto: Håvard Myklebust, Mattias Fredriksson, og Sverre Hjørnevik - www.fjordnorway.com, Fred Jonny Hammerø, Visit Møre & Romsdal, Classic Norway, Sunniva Ødegård, og Klippfiskakademiet / Coldwater Prawns of Norway

Reiselivet er ein bransje i vekst både nasjonalt og internasjonalt. Lokalmat og kulturopplevingar er i vinden som aldri før, og Møre og Romsdal har mykje å by på innafor alle desse tre områda. No skal fylkeskommunen saman med Innovasjon Norge, Fylkesmannen og aktørar frå bransjen finne ut korleis vi i lag kan få fram nye og lønsame opplevingsprodukt i skjeringspunktet reiseliv, mat og kultur.

Stor påmelding

Før helga var det 169 påmeldte til samlinga, noko rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og konstituert prosjektleiar Lillan Sæther er veldig godt nøgd med.

-Ja, påmeldinga har vore over all forventning, noko som kan tyde på at det er mange som har interesse av ei slik satsing.

Lær av suksesshistorier

På fagdagen kjem aktørar som har lukkast andre plassar, og som gjerne deler sine erfaringar med oss. Blant desse finn vi:

  • Sol over Gudhjem – Bornholm. Mads og Mikkel Marschall fortel hemmelegheita bak suksesshistoria som mellom anna omfattar direktesendt kokkekonkurranse samt lønsam posisjonering av Bornholm som reiselivsdestinasjon gjennom å kople mat- og reiselivsaktørar.
  • Røros og Rørosmat, Hilde Bergebakken fortel om korleis ein har lukkast med merkevaren Rørosmat og koplingar mellom reiseliv, mat og kultur.
  • Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal v/ Ragnar Heggdal, leiar for Styringsgruppa i prosjektet
  • Konferansier for dagen er Odd Roar Lange, The Travel Inspector, anerkjent reiselivsjournalist og bloggar.

Fleire aktivitetar framover

Satsinga på reiseliv, mat og kultur består av fire delprosjekt som mellom anna skal arbeide med produkt- og konseptutvikling, kompetanseheving, marknadsføring,  merkeutvikling, distribusjon og logistikk.

-For å lukkast med ei slik satsing er vi avhengige av å ha med oss både bransjeaktørane og det offentlege verkemiddelapparatet. Prosjektorganisasjonen er snart på plass, og folk kan halde seg oppdatert om alt som skjer i prosjektet ved å gå inn på www.mrfylke.no/opplevingar, seier Sæther.

Satsinga har eit budsjett på 3 mill. kroner årleg i perioden 2018–2020.