Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 /
Mob. 924 42 568
Send e-post

Fylkeskommunen aukar støtta til iKuben

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 4 500 000 kroner til den tverr-industrielle klynga iKuben for perioden 2018 – 2020. iKuben arbeider med tiltak som bidrar til å styrke medlemsbedriftene sin konkurranseevne.

Bilete frå nettstaden til IKuben

Medlemsbedriftene i NCE iKuben er i hovudsak globale aktørar, og viktige industribedrifter både nasjonalt og regionalt. Økonomien i verda er i rask endring, det same er utviklinga av ny teknologi. Dette utfordrar konkurranseevna og posisjonen til etablerte selskap.

- Framtida for arbeidsplassane og industrien i Møre og Romsdal er avhengig av at bedriftene er i stand til å ligge i front, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

iKuben kom nyleg med i det statlege klyngeprogrammet Norwegian Centre of Expertise (NCE). Klynga har sidan 2012 hatt status som Arenaprosjekt, og fylkeskommunen har vore inne med støtte også her. NCE iKuben har hatt stor aktivitet gjennom heile Arenaperioden og har sett i verk ei rekke forskings- og utviklingsprosjekt i regi av medlemsbedriftene. Nye produksjonsprosessar, forretningsmodellar hos dei deltakande bedriftene er nokre av resultata.

NCE iKuben bygger nettverk mellom bedriftene, forskings- og utviklingsinstitusjonane og andre klynger. Det er også etablert samarbeid mellom nasjonale og internasjonale kompetansemiljø.