Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Fylkeskommunen løyver vel 2 mill. kroner til miljøgate i Hareid

Kontaktpersonar

Hanne Notøy
Politiker
71 28 10 93 / Mob. 975 58 816
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Fylkeskommunen løyver vel 2 mill. kroner til miljøgate i Hareid

Hareid kommune har søkt støtte til opparbeiding av miljøgate i Kjøpmannsgata i Hareid sentrum. Fylkeskommunen løyver 2 056 533 kroner til prosjektet, som har ei kostnadsramme på 7,7 mill. kroner.

Utsnitt av aktivitetsparken - eit av tre større opphaldsområde på austsida. Kjelde: Gullik Gulliksen Vest AS 

Opphaldsplass, leikeplass og funksjonelle løysingar for parkering og mjuke trafikantar er blant tiltaka i miljøgata.

-Vi meier at ei miljøgate vil heve kvaliteten både i Kjøpmannsgata og tilgrensande gater, bygg og plassar. Større aktivitet i gata kan også bidra til at den tradisjonelle butikkhandelen kjem tilbake, seier nestleiar i regional- og næringsutvalet, Hanne Notøy. 

Hareid kommune har gjennomført ein grundig prosess med involvering frå innbyggarar, næringsliv, interesseorganisasjonar og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her kan du lese saksframlegget og studere planteikningane til den nye Kjøpmannsgata som landskapsarkitekt Gullik Gulliksen Vest AS har utarbeidd. Planteikningane finn du som vedlegg i saka.

Regional- og næringsutvalet behandla saka 22. oktober.