Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Fylkeskommunen støttar nytt metodeverk for berekraftige forretningsmodellar

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post

Fylkeskommunen støttar nytt metodeverk for berekraftige forretningsmodellar

Bedrifter som er på jakt etter nye måtar å gjere berekraft til eit konkurransefortrinn etterlyser meir kunnskap. ProtoMore Kunnskapspark har tatt utfordringa og skal utvikle nytt metodeverk.

Berekraftmåla utfordrar heile verdikjeder, og både næringsliv og offentleg sektor må tilpasse seg krav og forventningar.  

Berekraft og sirkulærøkonomi er omgrep som bedriftene må implementere i sine forretningsmodellar framover. Få bedrifter har kome i gang med å utvikle lønsame produkt og tenester basert på berekraftige og digitale løysingar, og bedriftene har gitt tydelege signal om at dei treng meir kunnskap.

Nytt metodeverk

ProtoMore Kunnskapspark har søkt fylkeskommunen om støtte til å utvikle eit nytt metodeverk som skal møte behovet bedriftene har. Ein viktig del av prosjektet vil vere å hente kunnskap frå dei regionale, nasjonale og internasjonale nettverka som ProtoMore er ein del av. Utviklingsarbeidet vil skje saman med bedriftene i regionen og vil samtidig gi kompetanseheving for bedriftene som er med.

Nye forretningsmodellar

Næringslivet og offentleg sektor står overfor eit paradigmeskifte, der teknologi og digitalisering utfordrar forretningsmodellar og samarbeidsformer. Verksemder som er i stand til å bruke ny teknologi, og forstå korleis berekraftmåla påverkar forretningsmodellane, vil ha større sjanse for å lykkast, heiter det i saksframlegget.

Ambisjonar om å bli eit nasjonalt kompetansemiljø

NTNU i Ålesund har teke initiativ til eit samarbeid mellom dei regionale forskingsmiljøa, næringsklyngene og verkemiddelapparatet. Ein intensjonsavtale er på trappene, og partane har ambisjon om å bli eit nasjonalt kompetansemiljø for utvikling av berekraftige forretningsmodellar.

Fylkeskommunen løyver inntil 800 000 kroner til prosjektet. Regional- og næringsutvalet behandla saka 22. oktober 2018.

Her kan du lese heile saka.