Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Fylkespolitikarane støttar forsking på velferdstenester

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Lasse Kristiansen
Rådgivar
71 28 03 17 /
Mob. 971 00 507
Send e-post

Fylkespolitikarane støttar forsking på velferdstenester

Løyver 1 mill. kr til Helseinnovasjonssenteret på Nordmøre.

Runar Vestheim, leiar (uavh.)

Leiar i Regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim, meiner forsking på velferdstenester er viktig for Møre og Romsdal.

Tysdag 5. desember løyvde regional- og næringsutvalet 1 mill. kr til eit forskingsprosjekt på helsetenester i regi av Helseinnovasjonssenteret på Nordmøre.

- Prosjektet tar for seg nokre av dei viktigaste problemstillingane velferdssamfunnet står overfor: korleis utviklar vi gode helsetenester for dei eldre innbyggjarane våre og  teknologiske verktøy som gjer det mogleg å bu lenger i sin eigen heim? Teknologien skal ikkje erstatte dei varme hendene, men frigjere ressursar til omsorg for dei som treng det, seier leiar av regional og næringsutvalet, Runar Vestheim, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Viktig satsing

Prosjektet er et samarbeid mellom Helseinnovasjonssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune med prosjektet Campus Kristiansund.

- Det vil bidra med viktig kunnskap både for helseinnovasjonssenteret og for Campus Kristiansund, som er ei viktig satsing for Møre og Romsdal Fylkeskommune, seier Vestheim.

Hensikten er å etablere eit kunnskapssenter og eit helsenettverk. Det skal mellom anna samle kunnskap for å utvikle betre helsetenester og peike på felles utfordringar og behov. Prosjektet vert leia av Bjarte Bye Løfaldli som har doktorgrad i medisin og tidlegare har jobba saman med Nobelprisvinnerane Moser ved Kavli-instituttet.

Nasjonal posisjon

Sidan oppstart  i mars, har Helseinnovasjonssenteret starta fleire forskings- og innovasjonsprosjekt.

- Senteret har store ambisjonar om å utvikle helseteknologitenester i Møre og Romsdal, og eit mål er å ta ein posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Desse ambisjonane støttar fylkespolitikarane og fylkeskommunen, seier Vestheim.

Kunnskapsdeling

Helseinnovasjonssenteret er ein del av Orkidé med 12 medlemskommunar på Nordmøre. Senteret har ei tredelt satsing: responssenter og velferdsteknologi , kommunal- og spesialisthelsetenesta og samhandling og helse som næring. Arbeidet inneber oppbygging av kompetanse og rekruttering til regionen. Kristiansund kommune er vertskapskommune for det treårige prosjektet.