Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Gjer atomvåpen verda tryggare eller farlegare?

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post

Gjer atomvåpen verda tryggare eller farlegare?

I november får biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund besøk av Olav Njølstad, direktør for Det Norske Nobelinstitutt. Han vil ta for seg dei viktigaste argumenta for og imot atomvåpennedrusting.

Olav Njølstad, direktør for Det Norske Nobelinstitutt. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix.

Først ut var Kristiansund bibliotek. Torsdag 15. november møtte rundt 50 personar, noko biblioteksjef i Kristiansund bibliotek Elisabeth Soleim er godt nøgd med. 

-Det var eit veldig bra foredrag om eit alvorleg tema, seier ho.

Neste veke er det Molde og Ålesund sin tur.

  • Molde bibliotek: Måndag 19. november kl. 19.00 (Teatret Vårt, Plassen)
  • Ålesund bibliotek: Tysdag 20. november kl. 19.00 (hovudbiblioteket)

Arrangement er gratis og ope for alle.

Dette er eit Bysmart-arrangement, ein serie med foredrag i dei tre byane i fylket. Bysmart er eit samarbeid mellom biblioteka, fylkesbiblioteket og Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet med Bysmart er mellom anna å auke aktiviteten i byane, og å styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt.