Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Har du ein idé til betre helse- og omsorgstenester?

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post
Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

Har du ein idé til betre helse- og omsorgstenester?

Helse Møre og Romsdal har saman med Møre og Romsdal fylkeskommune og ei rekke andre aktørar oppretta eit idémottak for å fange opp gode forslag. 

Foto: Helse Møre og Romsdal

Idémottaket er ei digital postkasse der alle kan sende inn idear og forslag til korleis vi kan forbetre helse- og omsorgstenestene i Møre og Romsdal.

Kva type forslag er de på jakt etter?

-Vi er på jakt etter idear eller forslag til måtar vi kan forbetre ei helse- eller omsorgsteneste på. Vi forventar ikkje at folk skal ha forslag til løysing, men vi set deg i kontakt med dei rette personane som kan hjelpe deg vidare med ideen din, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Anna Marie Hatlestad.

Kven kan sende inn forslag?

-Alle kan sende inn forslag, både pasientar, pårørande, tilsette i helse- og omsorgssektoren eller samarbeidspartar. Vegen fram til eit produkt eller ei forbetra teneste kan vere lang og krunglete, men det startar som regel med at nokon ser eit behov eller får ein idé.

Kva skjer med ideane?

-Alle som sender inn forslag vil få eit svar. Der­som ideen er så god at vi ønskjer å arbeide vidare med den, vil vi ta kontakt med den organisasjonen som «eig problemet» og som kan og bør drive prosessen vidare. Ofte er dette kommunen. Vi har god oversikt over kva fagmiljø eller forskingsmiljø som bør koplast inn, og vi kan gi råd om finansiering og planlegging, seier Hatlestad.

Kva er fylkeskommunen si rolle?

-Fylkeskommunen er ein del av idémottaket som går gjennom innkomne forslag. Fylkeskommunen har også eit ansvar for å mobilisere til meir forsking og innovasjon. Vi ønskjer å bidra til å bygge opp ein idébank som for forskarar og studentar i neste omgang kan bruke til å hente kunnskap, dele erfaring og bruke som ressurstilfang mot praksisnær utdanning, seier Hatlestad.

Send inn ideen din eller les meir om idémottaket på:

www.helse-mr.no/idemottaket

Du kan også laste ned informasjonsmateriell her:

 

Samlebilde logo idemottaket