Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Har du innspel til framtidas kompetansebehov i Møre og Romsdal?

Kontaktpersonar

Øyvind Tveten Øyvind Tveten
Rådgivar
71 28 03 57 /
Mob. 922 12 429
Send e-post

Har du innspel til framtidas kompetansebehov i Møre og Romsdal?

Fylkeskommunen ønskjer å avstemme utdanningstilbodet opp mot behova i arbeidslivet. Har du tankar om dette, ønskjer vi å høyre frå deg.

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad. Foto: Terje Aamodt

Fylkeskommunen etablerer Kompetansealliansen Møre og Romsdal, saman med NTNU, Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde. Formålet er å få utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet til å kome saman og diskutere framtidas kompetansebehov i Møre og Romsdal, og korleis utdanningsinstitusjonane kan møte dette behovet.

Onsdag 12. juni går det første møtet i kompetansealliansen av stabelen. Her kjem folk frå næringslivet, offentleg sektor, rektorane frå NTNU og høgskolane og elevar og studentar. Som utgangspunkt for diskusjonen er det utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag. Dette kunnskapsgrunnlaget kan du lese og gi innspel på.

- I prosessen med kompetansealliansen har vi fått mange gode innspel frå aktørane i næringslivet og arbeidslivet. Her blir det peika både på studieinnhald og på tilrettelegging for etter- og vidareutdanning, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Erik Brekken

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken

Kompetansebehov i endring

Kompetansealliansen er også ein viktig arena for fylkeskommunen, som driv dei videregåande skolane og fagskolane.

-Vi opplever at kompetansebehovet er i konstant endring. Sosiale ferdigheiter og ferdigheiter for å tileigne seg ny kunnskap kontinuerleg er også viktig, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Kunnskapsgrunnlaget finn du som pdf-fil til høgre på denne sida. 

Har du innspel til kunnskapsgrunnlaget eller til arbeidet med kompetansealliansen, gi tilbakemeldingar i dette skjemaet.

Innspel til kunnskapsgrunnlag om kompetansebehov i framtida
  1. Du kan skrive ditt innspel her. Viss du ikkje får plass, kan du laste opp eigen fil.