Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Høyr oss! Ungdom frå Møre og Romsdal møtte statssekretær

Kontaktpersonar

Cecilia Lillthors Cecilia Lillthors
Internasjonal rådgivar
71 28 03 14 /
Mob. 450 62 401
Send e-post

Høyr oss! Ungdom frå Møre og Romsdal møtte statssekretær

Måndag denne veka møtte 12 ungdommar frå Møre og Romsdal og fire andre fylke Stortingsrepresentantar for å snakke om kva dei er opptatt av, og korleis ungdommane sjølve kan vere med å påverke saker dei meiner er viktige.

Foto: Bufdir

Rammene for møtet var Den europeiske ungdomsveka 2019. Ungdommane som var invitert til møtet har vore med på eit EU-prosjekt om ungdom og påverknad i den lokale og regionale politikken, og dei fekk møte både statssekretær i Barne- og familiedepartementet, Jorunn Hallaråker, og medlemmar i Stortingets familie- og kulturkomité.

Ungt engasjement  

I Møre og Romsdal har ungdomspanelet vore involvert gjennom prosjektet Høyr oss!. Her har dei fått lære om det politiske systemet, og om metodar for korleis dei kunne nå fram med sine saker.

"Høyr oss har ikkje berre gitt oss venner og kontaktar for resten av livet, verdifull innsikt i geografiske skilnader i norsk politikk, men også nye strategiar til å styrke ung medverknad", seier Urtė Karanauskaitė, leiar for ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Bufdir har sendt ut pressemelding. Den kan du lese her: (pdf):