Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Høyring: ny forskrift for hausting av tare i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Birgit Aarønæs Birgit Aarønæs
Leiar marin og naturressurs og internasjonal koordinator
71 28 03 53 /
Mob. 918 86 088
Send e-post
Arve Slettvåg Arve Slettvåg
Rådgivar akvakultur
71 28 03 54 /
Mob. 975 39 265
Send e-post

Høyring: ny forskrift for hausting av tare i Møre og Romsdal

Det er utarbeidd ein rapport med forslag til ny forskrift. Alle kan gi høyringsuttale til rapporten. Fristen er 1. juni.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Regional forskrift om hausting av tare i Møre og Romsdal gjeld fram til 30. september 2019. Ny forskrift skal tre i kraft frå 1. oktober 2019. 

Det er Fiskeridirektoratet som vedtek regionale forskrifter om kvar og når det er lov å hauste tare i dei enkelte regionane. På oppdrag frå Fiskeridirektoratet leier Møre og Romsdal fylkeskommune ei arbeidsgruppe som har utarbeidd forslag til ny forskrift om hausting av tare i Møre og Romsdal. 

Arbeidsgruppa består av representantar for kystkommunane ved dei tre regionråda i fylket, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fiskeridirektoratet region Midt, Møre og Romsdal Fiskarlag, og representantar for næringa. Arbeidet har vore gjennomført i ein parallell prosess med arbeidsgruppa i Trøndelag.

Rapporten frå arbeidsgruppa og vedlegg finn du til høgre på denne sida.  

Arbeidsgruppa vil gå gjennom høyringsinnspela. I august vil arbeidsgruppa sende tilråding til Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet vedtek og set i verk forskrifta.

Høyringsfristen er 1. juni 2019.

Høyringsuttaler kan sendast Møre og Romsdal fylkeskommune på epost: post@mrfylke.no

eller til

Møre og Romsdal fylkeskommune
Regional- og næringsavdelinga
Julsundvegen 9
6412 Molde

Høyringsvar bes merka arkivsak 2018/12385.