Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Hydrogen kan bli viktig energiberar for transportsektoren i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Lina Jonasson Lina Jonasson
Rådgivar Energi
71 28 03 42 /
Mob. 934 57 221
Send e-post

Hydrogen kan bli viktig energiberar for transportsektoren i Møre og Romsdal

Hydrogenproduksjon i Rauma om ti år? Det er eit av forslaga som kjem fram i ein rapport som har kartlagt og analysert moglegheitene for produksjon og bruk av hydrogen i Vestlandsfylka. 

Illustrasjonen syner verdikjeden til hydrogen. (Ill.: Hydrogen som energibærer på Vestlandet)

Rapporten er eit resultat av eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, og Hordaland fylkeskommune for å kartlegge og analysere moglegheitene for produksjon, bruk og verdiskaping av hydrogen på Vestlandet. Rapporten vart nyleg godkjent og presentert på Vestlandsrådsmøtet i Molde.

 

- For å nå måla i klima og energiplanane våre, kan hydrogen få ein nøkkelposisjon,. Men det gjenstår ein del utvikling både for å kunne ta i bruk sjølve teknologien og for å ned produksjonskostnadane. Denne kartlegginga bidreg til å sjå moglegheitene for å framskunde dette arbeid, seier Lina Jonasson, energirådgivar i Møre og Romsdal fylekskommune.

Lokal verdiskaping

I følge rapporten vil ein «hydrogenøkonomi» skape moglegheiter for lokal verdiskaping i form av nye arbeidsplassar, eksportinntekter, teknologiutvikling og miljømessige fortrinn. Men det er vanskeleg å peike på konkrete tal, så lenge det er usikkert kor sentral hydrogen vert som ei energiløysing i framtida.

Rapporten peiker på Rauma som ei gunstig plassering av eit storskala anlegg i fylket. Dei store produksjonsanlegga bør leggast sentralt i forhold til kraftproduksjon, nær potensielt store forbrukarar som industri og maritim næring (inkludert fergestrekningar og havner) og ha gunstig plassering for transport.

Kartlegginga trekk fram hydrogentog på Raumabanen som eit case og peikar på ulike løysingar for  hydrogenproduksjon og fyllestasjon

Straum av hydrogen

Hydrogen kan mellom anna produserast av overskuddskraft frå vindkraft eller frå småkraftverk der det vil vere for dyrt å bygge nett.  Hydrogen kan også lagast frå naturgass. Hydrogenet kan fraktast vidare til brukar, å produsere straum der det trengst, dette er særleg aktuelt innan transportløysingarsystem.