Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Kampen om sjøareala-konferansen trekte fullt hus

Kontaktpersonar

Rebekka Varne Rebekka Varne
Rådgivar akvakultur
71 28 03 51 /
Mob. 918 59 402
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Kampen om sjøareala-konferansen trekte fullt hus

Viss vi skal leve av havet i framtida, må vi ha meir kunnskap, og den må vere tilgjengeleg. Det kom tydeleg fram under den nasjonale konferansen Kampen om sjøareala, som gjekk av stabelen i Molde tysdag og onsdag denne veka.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre samarbeidde om konferansen. Frå venstre: Håkon Slutaas, Linda Aaram, Johnny Loen, Rebekka Varne, Karoline Valle og Jon Ivar Eikeland. Foto: Angela Hagen.

-Eit felles marint kunnskapsgrunnlag er nøkkelen til utvikling av kysten. Både næringsliv, stat og kommunar og ikkje minst offentligheita må få tilgang til den kunnskapen som finst og det utviklingsarbeidet som skjer, seier Rebekka Varne, rådgivar akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte konferansen, som trekte om lag 200 deltakarar frå heile landet. 

Kunnskap kan dempe konflikt

Det er stor interesse for det som skjer i havet, og presset på dei kystnære sjøareala aukar. Kystsoneplanlegging er eit offentleg verkemiddel. Eit felles kunnskapsgrunnlag og felles verktøy kan bidra til å dempe konflikt i område der det er motstridande interesser. "Hvis noen blir helt fornøyd, gjør vi en dårlig jobb" seier Stein Arne Rånæs som snakka om konflikter i kystsona og korleis dei har blitt løyst i Troms.

Marine grunnkart ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget

Sjølv om det i lang tid har pågått eit arbeid for å kartlegge kyst-Noreg, er vi no midt inne i ei brytningstid. Ved å kartlegge geologi, topografi og havbotn, kan ein få detaljerte kart som viser for eksempel skjelsand, gode ankringspunkt eller kor organisk avfall frå oppdrettsanlegg kan legge seg. Ny digital teknologi vil også gjere det mogleg å kombinere ulike kart. Søre Sunnmøre er det største arealet i Norge der høgoppløyselege kart er offentleg tilgjengeleg. Det som er viktig framover blir å kartlegge det biologiske mangfaldet med naturtypekartlegging.

Møre og Romsdal er pilot

Søre Sunnmøre er peikt ut som nasjonalt pilotområde i arbeidet med marin naturtypekartlegging. Då skal eksisterande informasjon frå grunnkarta kombinerast med kartlegging av naturtypar etter ny metodikk. NGU, Kartverket, Havforskingsinstituttet og NIVA er ansvarleg for kartlegginga med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet. Det at fleire regionale aktørar har gått saman håper ein vil vise kor viktig det er både for forvaltninga og for lokalt næringsutvikling.

Næringa treng tilgang på sjøareal

Sjømat Norge og Norsk Industri var også blant innleiarane. Skal næringa klare å auke produksjonen av sjømat, treng dei tilgang på sjøareal. Næringa etterlyser ei forenkling av regelverk og betre samordning mellom sektormyndigheiter. Næringa støttar også heilt klart opp om behovet for meir kunnskap og god planlegging, der målet må være ei effektiv og kunnskapsbasert forvaltning.

Regjeringa ønskjer berekraftig utvikling av kysten

Statsekretær Roy Angelvik kom rett i frå eit besøk i Harøysundet med Salmon Evolution AS. Salmon Evolution AS har søkt om å bygge eit av dei største landanlegga for oppdrett av laks i landet. Angelvik avslutta konferansen med å fortelje om koreleis regjeringa vil legge til rette for berekraftig utvikling langs kysten. Han meinte at næringa har eit ansvar, og at kommunane som legg til rette for oppdrettslokalitetar, vil sjå det igjen på kommuneøkonomien når utbetalingane frå Havbruksfondet kjem.

Jon Aasen opna konferansen Kampen om sjøareala

Jon Aasen opna konferansen Kampen om sjøareala. Foto: Elin Johanson Lyngstad.

Ordstyrarane Kampen om sjøareala

Fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Helge Haugen, og seksjonsleiar hos fylkesmannen, Jon Ivar Eikeland, var ordstyrarar. Foto: Angela Hagen

Full konferansesal

Konferansen trekte til seg om lag 200 deltakarar. Foto: Elin Johanson Lyngstad

Statssekretær Roy Angelvik

Statssekretær Nærings- og fiskeridepartementet, Roy Angelvik. Foto: Angela Hagen