Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klart for the North West

Ambisjonen er å bli Noregs beste arena for samfunnsutvikling.

Bli med på The North West, 18.-21. april!

Den 18.april er det avspark for konferansefestivalen the North West i Ålesund, som vert arrangert for første gong. Ambisjonane er høge og programmet spekka med sterke namn, lokale case og regionale satsingar i tillegg til konsertar, teater og andre kulturelle aktivitetar.

- Vi er glade for å kunne vere med å presentere eit rikhaldig program, nyttig og inspirerande for både næringsliv, det offentlege og folk flest, i heile fylket, seier Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Konferansefestivalen strekk seg over fire dagar og omfamnar temaa urbanisering, framtidas arbeidsplassar, utdanning, kultur og natur og krysskoblingar mellom desse. Publikum kan plukke og velje blant foredrag, workshops, seminar på ulike scener.  Laurdag kulminerer alt med ein familiedag, då mellom anna Norad inviterer til ei nattevandring opp til Aksla. Trappa vert opplyst og fargelagt for å belyse FNs berekraftsmål.

- Programmet skal bidra til kompetanseheving, nye koplingar, til å  bygge stolthet, identitet og samhald,  seier Landstad.

Sjå heile programmet her

Verdskjent trekkplaster

Det er den verdskjente urbanisten og forfattaren Richard Florida som står for opninga av programmet. Han peiker på utfordringar og moglegheiter for samfunnsutvikling og næringsliv i regionen, med basis i konkrete analysar og faglege synspunkt.

Som ein av hovudbidragsytarane tek Møre og Romsdal fylkeskommune opp tråden frå Jazzgass- og Mørekonferansen. Ei rekke tema innan mobilitet, energi, by- og tettstadutvikling, utdanning, kultur og entreprenørskap vert sett på dagsorden desse dagane

Breitt samarbeid

Det er Region Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune som eig konferansen. Region Ålesund står bak The North West og stiftinga av aksjeselskapet, og Møre og Romsdal fylkeskommune har gått inn med aksjekapital.

Region Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Haram, Giske, Sandøy, Skodje, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Maria Carmona er prosjektleiar. Ho har mellom anna erfaring frå Nobel fredspris-konserten og Øya-festivalen i Oslo.