Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Kombinasjonen mat, kultur og natur skal lokke fleire turistar til fylket

Kontaktpersonar

Jan Sverre Sivertsen Jan Sverre Sivertsen
prosjektleiar
Mob. 414 50 642
Send e-post

Kombinasjonen mat, kultur og natur skal lokke fleire turistar til fylket

Fire mat-kultur-natur prosjekt får til saman 3 mill. kroner for å utvikle nye totalopplevingar som er attraktive for tilreisande og lønsame for aktørane.

Molosøstrene Line Nicolaysen og Hilde Røinås, foto: Seabed AS

Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge støttar no fire samarbeidsprosjekt for å utvikle totalopplevingspakkar for reiselivet. Dei fire er «Smaken av Smøla» (Smøla), «Opplevelser i fossenes rike» (Sunndal), «Smaken av Sunnmøre» (Stranda) og «Opplev Tingvoll» (Tingvoll). (Les meir lenger ned i saka)

-Desse prosjekta representerer spanande koplingar mellom tradisjonelt reiseliv, kultur og lokal mat og drikke, eit lite utnytta potensial i dag, seier reiselivsansvarlig i Innovasjon Norge Møre og Romsdal, Marit Giske-Nilsen.

Prosjekta blir støtta gjennom det treårige hovudprosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» som fylkeskommunen har i lag med Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Molosøstrene glade for støtta

-Vi ønsker å lage opplevingar som stimulerer sansane, der kultur, historie og vakker natur kombinert med lokal mat og drikke skaper magi for folk som kjem til denne fantastiske øya, seier Line Nicolaysen i Seabed AS. Saman med søstera Hilde Røinås, er Nicolaisen i ferd med å bygge seg opp som ein stor reiselivsaktør på Veiholmen, Smøla.

Testing og marknadsføring

Målet er at alle produkta som skal utviklast gjennom samarbeida skal vere klare for sal våren 2021. I mellomtida vil samarbeidsprosjekta få omfattande rådgiving og oppfølging. Dei ulike produktkonsepta skal foredlast, testast i marknaden og få hjelp til sal og distribusjon.

Prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune, Jan Sverre «Sivert» Sivertsen har stor tru på at dette er vegen å gå for å utvikle nye, lønsame opplevingar også i framtida.

-Skal Møre og Romsdal bli opplevingsfylkes nr. 1 i Noreg, må vi utvikle fleire attraktive opplevingsprodukt. Målet er at minst eitt av prosjekta, som no har fått støtte, skal bli eit like populært produkt som Romsdalseggen, som også vart til gjennom eit liknande pilotprosjekt for nokre år sidan, seier han. 

Desse totalopplevingane skal prosjekta utvikle

«Smaken av Smøla» med Seabed AS (Moloen på Veiholmen) som hovudaktør og Villsaubutikken,  Holberg Shipping og Smøla Kultur- og Næringssenter som partnarar. Prosjektet skal utvikle attraktive opplevingsprodukt basert på kysthistoria, lokal matproduksjon og naturbaserte opplevingsprodukt. Smaken av Smøla skal knytte opplevingsaktørar på Smøla tettare saman og gjere desse tilgjengeleg i marknaden.

«Opplevelser i fossenes rike» med Contrast Adventure AS som hovudaktør og mellom anna JazzåTeatret med Lady Arbuthnott, Phillipshaugen Lodge og Renndølsætra i Innerdalen som partnarar. Prosjektet skal utvikle opplevingspakkar basert på spelet om Lady Arbuthnott og den engelske historia i regionen. Det skal utviklast pakker for kvar årstid, der historia og lokalmaten blir viktige ingrediensar saman med ein hovudaktivitet.

«Smaken av Sunnmøre» med Stranda Hotel AS som hovudaktør og Tonga Bryggeri, UteGuiden, Melchiorgården, Slogen Mat med fleire som partnarar. Prosjektet skal ta utgangspunkt i den omfattande lokalmatproduksjonen på Sunnmøre og gjere den,  og kulturhistoria bak, tilgjengeleg gjennom produktpakkar som inkluderer aktivitetar i Sunnmørsnaturen.

«Opplev Tingvoll» med Tingvollost AS som hovudaktør og Tingvoll Økopark, Tingvoll Museum, Tingvoll Kirke, Krivi-vev AS med fleire som partnarar. Prosjektet vil utvikle ei reiserute i Tingvoll, der Tingvollost sin posisjon i Noreg og internasjonalt skal nyttast som navet i opplevingsruta. Prosjektet vil ha fokus på produksjon av lokalmat, lokal vevtradisjon og bærekraftig opplevingsturisme.