Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Kven fortener Fylkesprisen Årets Bedrift 2018?

Kontaktpersonar

Lasse Kristiansen
Rådgivar
71 28 03 17 / Mob. +4797100507
Send e-post

Kven fortener Fylkesprisen Årets Bedrift 2018?

Kjenner du ei bedrift, lita eller stor, som fortener utmerkinga Årets bedrift? Send inn forslaget ditt innan 31. januar 2019.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Derfor deler vi kvart år ut Fylkesprisen Årets Bedrift. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

-Vi vil gjerne at folk sender inn forslag til bedrifter dei meiner har gjort ein ekstra innsats i løpet av 2018. Det kan vere på områda innovasjon og nyskaping kompetanse- eller organisasjonsutvikling, eller positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Send inn forslaget ditt på mrfylke.no/aretsbedrift 

Kriterium

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren. I vurderinga vil utvalet legge vekt på:

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region, og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, hms-profil)

Prisen blir delt ut under fylkestinget i April.

Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift

  • 2017: Volda Maskin AS, Volda kommune
  • 2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune
  • 2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune
  • 2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune
  • 2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
  • 2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
  • 2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
  • 2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
  • 2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
  • 2008: Odim AS, Hareid kommune
  • 2007: Brunvoll AS, Molde kommune
  • 2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
  • 2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
  • 2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
  • 2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
  • 2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
  • 2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune