Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Miljøprisen 2018 går til Sødahlhuset AS på Åndalsnes

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Miljøprisen 2018 går til Sødahlhuset AS på Åndalsnes

Fylkeskommunen v/ regional- og næringsutvalet vart i dag einige om at miljøprisen i år skal gå til Sødahlhuset AS. Sødahlhuset er ein kafé i sentrum av Åndalsnes med kortreist og berekraftig mat på menyen. 

Frå venstre: Sissel Vollan, Mari Melbø Rødstøl og Rannveig Nyheim. Foto: Ragnhild Bakke/Sødahlhuset AS.

Sødahlhuset opna i 2012, og eigarane har engasjert seg i det grøne skiftet frå første dag. 

-Miljø og klima er viktig for oss og har vore ein raud tråd i alt vi held på med, seier ein glad og overraska Rannveig Nyheim. Nyheim er dagleg leiar og ein av tre eigarar av Sødahlhuset. -Kjempeartig at vi har vunne, skikkelig kjekt!

Lokal innstas for globale mål

Kafeen organiserer og inviterer folk frå lokalmiljøet til ulike kurs innan kortreist mat eller gjenbruk, eller arrangerer aktivitetar som klesbyttedag. I 2017 vart verksemda sertifisert Miljøfyrtårn. 

-Sødahlhuset er eit godt eksempel på korleis det er mogleg å drive næring basert på berekraftprinsipp, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Miljøprisen blir delt ut på fylkestinget i desember. 

Om prisen

Møre og Romsdal fylkeskommune har kvart år sidan 2009 delt ut ein miljøpris til personar eller organisasjonar som har gjort ein ekstra innsats for miljøet.

I tillegg til heider og ære, består prisen av eit kunstverk av ein kunstnar frå Møre og Romsdal pluss 15 000 kroner.

Tidlegare vinnarar:

  • 2017 - Plastfritt Giske
  • 2016 - Smøla Klekkeri og Settefisk AS
  • 2015 - Stranda Prolog AS
  • 2014 - Naturvernforbundet Møre og Romsdal
  • 2013 - Standal Knuseverk AS
  • 2012 - Alv Ottar Folkestad
  • 2011 - NORSØK
  • 2010 - Olav Bye
  • 2009 - Runde Miljøsenter