Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Møbel, mote og mat skal lokke fleire reisande til regionen

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Møbel, mote og mat skal lokke fleire reisande til regionen

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar Sykkylven Næringsutvikling AS med inntil 499 000 kroner til prosjektet Designvegen. 

Skjermfoto frå designvegen.no

Designvegen er ei reiselivssatsing som skal promotere norsk design av møbel, mote og mat. Prosjektet skal gå over tre år, og i løpet av prosjektperioden skal det utviklast nye reiselivs- og opplevingstilbod langs fylkesveg 60 frå Sykkylven til Stryn. Prosjektet har eit budsjett på 2,25 mill. kroner.

-Sykkylven er møbelbygda i Noreg. At ein no koplar naturbaserte opplevingar med design, merkevare og mat, er nytenking i reiselivssamanheng. Produkta som skal utviklast er også uavhengige av sesong og vil bli eit viktig bidrag til heilårsturisme i fylket, seier leiar i regional- og næringsutvalet Runar Vestheim.

Fylkeskommunen satsar på reiseliv, mat og kultur

-Møre og Romsdal fylkeskommune har i tett samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Innovasjon Noreg, starta ei treårig satsing på reiseliv, mat og kultur. Prosjektet har som mål å styrke Møre og Romsdal som aktivitets og opplevingsfylke nr 1 gjennom å få opp fleire lønsame opplevingsprodukt og opplevingsbedrifter i skjeringspunktet reiseliv, lokalmat og kultur. Designvegen er eit godt døme på ei slik innretning, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Regional- og næringsutvalet behandla saka i møtet 6. februar.