Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > NCE iKuben får støtte til prosjekt om ny produksjonsteknikk

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

NCE iKuben får støtte til prosjekt om ny produksjonsteknikk

Fylkeskommunen løyver 350 000 kroner til eit prosjekt som skal finne ut om det er behov for eit regionalt senter for additiv produksjon.

Skjermfoto frå nettstaden ikuben.no

Regional- og næringsutvalet løyvde nyleg 350 000 kroner til den tverr-industrielle klynga NCE iKuben til eit forprosjekt for additiv produksjon. Målet med prosjektet er å finne ut om det er behov for eit regionalt senter for denne metodikken, som mellom anna blir nytta ved 3D –printing.

-Vi er eit av dei største industrifylka i landet. At vi har konkurransedyktige bedrifter har mykje å seie både for regionen og for landet. Det er viktig at bedriftene i regionen er oppdatert på den nye teknologien og tek han i bruk. Difor støttar vi prosjekt om additiv produksjon, seier Runar Vestheim, leiar for regional- og næringsutvalet.

I tillegg til å vurdere behovet for eit senter, skal forprosjektet sjå på korleis additiv produksjon påverkar verdikjedene og kva teknologien betyr for lokale underleverandørar.

3D-printing

Additiv produksjon er ein prosess der produktet vert laga ved å tilsette lag for lag. Det er mange måtar å gjere det på, men mest utbreidd er 3D-printing. Metodikken har skote fart dei siste åra og vert no brukt med ulike type materiale og i alle bransjar. Denne teknologiendringar påverkar i praksis all industri i regionen, heiter det i saksutgreiinga.

-Metoden er både miljøvenleg og energieffektiv, og det er lett å gjere individuelle tilpassing, men utfordringa for bedriftene er å halde seg orientert om teknologiutviklinga. Dei må ha kunnskap om denne for å utvikle nye produkt og nå nye marknader, seier Vestheim.

Raskare kunnskapsoverføring

Eit senter for additiv produksjon vil trekke vekslar på andre kompetansemiljø og bidra til at kunnskap om ny teknologi raskare

vert overført til industrien i regionen. Per i dag eksisterer det ikkje eit sikt kunnskapssenter i landet, utanom ved forskings- og utdanningsinstitusjonane.