Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Nasjonal BYLIVkonferanse - Korleis kombinere byliv, arbeidsliv og kvardagsliv i sentrum?

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post
Johannes Brekke Johannes Brekke
Rådgivar
71 28 03 74 /
Mob. +4740239060
Send e-post

Nasjonal BYLIVkonferanse - Korleis kombinere byliv, arbeidsliv og kvardagsliv i sentrum?

Nærare 200 deltakarar møtast i Ulsteinvik 17 .- 18. oktober for den nasjonale BYLIVkonferansen 2018. Eit hovudtema er korleis næringsliv og by- og tettstadutvikling heng saman. Ulsteinvik er ein av dei som har fått det til.

BYLIVkonferansen vil presentere byar, bedrifter og prosjekt som viser veg for framtidas lokalsamfunn. Her frå Ulstein Arena (Foto: Per Eide)

– Vi har valt Ulstein kommune og Ulsteinvik fordi dei ser ut til å ha knekt koden for korleis kommunen og næringslivet kan jobbe saman om stadutvikling, seier Alf Waage, prosjektleiar i BYLIVsenteret i Norske arkitekters landsforbund.

Konferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, BYLIVsenteret og Ulstein kommune.

Skape gode lokalsamfunn

Noreg og Møre og Romsdal kan by på kunnskapsmiljø i toppklasse, kort veg mellom arbeid, bustad og natur, og ikkje minst arbeidsforhold som gjer det mogleg å kombinere karriere og familieliv. Korleis kan vi jobbe fram ein kultur for målretta samarbeid mellom næringsliv, organisasjonsliv og kommunane? Korleis skape gode lokalsamfunn gjennom målbevisst næringsutvikling? Kva har næringslivet å vinne på å engasjere seg i stadutviklinga?

Desse og mange fleire spørsmål skal vi saman finne svar på under årets BYLIVkonferanse. Innleiarar som matematikar og teknologiinvestor Silvija Seres, den nederlandske bibliotekutviklaren Aat Vos og administrerande direktør i eigedomsutviklaren Aspelin Ramm, Gunnar Bøyum og mange fleire skal hjelpe til med dette.

– Eg er trygg på at vi i løpet av dei to dagane i Ulsteinvik vil få mange spennande diskusjonar, nye idear og mykje ny kunnskap, seier ordfører Knut Erik Engh i Ulstein kommune.

Krafttak mot sentrumsdød

Onsdag 17. oktober kl. 16.30 er det opning av utstillinga «Levende lokaler» i Convex-bygget. «Levende lokaler»-prosjektet er eit felles krafttak mot sentrumsdød i norske byar. Utstillinga skal stå i Ulsteinvik i to veker før ho går vidare til andre stader i fylket.

Torsdag 18. oktober er konferansen delt opp i fem ulike verkstader med tema som «Næringslivets plass i framtidas sentrum», «Kultur og kreativitet i stadutviklinga», «Barn i byen» og korleis bygg som bibliotek, skuler og idrettsanlegg kan styrke staden.

– Vi er stolte av å samarbeide med den nasjonale spydspissen BYLIVsenteret i Norske arkitekters landsforbund og Ulstein kommune om BYLIVkonferansen 2018 i Ulsteinvik. Møre og Romsdal Fylkeskommune ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for regionalt utviklingsarbeid, og dette er eit stort og viktig løft for oss i år, seier Eivind Vartdal Ryste, assisterande regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Målgruppa for konferansen er alle som bidreg til å utvikle sentrumsområder, anten det er eldsjeler, politikarar, tilsette i kommune, fylke, i det private næringslivet eller på arkitektkontor.