Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Noregs mest profilerte vitskapsformidlar til Molde, Ålesund og Kristiansund

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post

Noregs mest profilerte vitskapsformidlar til Molde, Ålesund og Kristiansund

Kan matematikk vere underhaldande og tankevekkande? Ja, på BYSMART-foredrag med Jo Røislien frå NRK.

Møt talknusaren Jo Røislien på Bysmart.

Frå 25.- 27. september er det duka for matemagiske foredrag med Jo Røislien i Molde, Ålesund og Kristiansund bibliotek.

Matteunderhaldning

- Vi garanterer eit foredrag som er milevis frå all matematikk-undervisning du hugsar frå skulen. Røislien presenterer matematikk på ein svært underhaldande og tankevekkande måte, seier Kjersti Hasselø, prosjektleiar for Bysmart og Byen som regional motor.

Røislien viser korleis matematikk dukkar opp på dei mest overraskande stader. Med utgangspunkt i ein rettvinkla trekant tar han oss med på ei reise gjennom popmusikk, olje­utvinning, bilsport, rus, film og drivhuseffekten. Matematikk har ein heilt sentralt plass i folk sine liv og ein naturlig plass i dei fleste fagfelt. Det handlar om å tenke. Om å sjå med hjernen istadenfor med augene, i følge Røislien.

Talknusar

Jo Røislien er ein av Noregs mest profilerte forsknings- og vitenskapsformidlarar. Han elskar tal!

Medan andre forskarar foreles i klasserom og forelesningssalar, foreles Jo på TV. I vår var han programleiar i det populærvitenskapelig underholdningsprogrammet ’Kampen om livet’ på NRK. Han var programleiar og manusforfattar for matematikk- TV-serien Siffer på NRK1 i 2011, og var hausten 2012 den første norske programleiaren på Discovery Channel.

Jo har doktorgrad i statistikk frå NTNU og samarbeider med ei rekke medisinske forskningsmiljø over heile landet. Han er for tida førsteamanuensis i statistikk ved Universitetet i Stavanger og seniorforskar ved Medisinsk Fakultet ved Universitetet i Oslo.

Han har skrive fleire bøker, blant anna «Tall forteller» med statistiker Kathrine Frey Frøslie og «Siffer» saman med tekstforfattar Magnus Nome.

Han har fått ei rekke utmerkingar for den originale måtne å formidle kunnskap på, mellom anna den svenske utmerkinga «Årets Statistikfrämjare» for «Siffer»

Bymotor

Arrangementet inngår i Bysmart, ein foredragsserie i dei tre store byane. Dette er eit samarbeid mellom bybiblioteka, fylkesbiblioteket, og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som møteplassar. Bysmart er ein del av i ‘Byen som regional motor’, fylkeskommunens byutviklingsprosjekt.