Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

Open dag for næringslivet

Forskningsrådet inviterer, i samarbeid med Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune/Regionalt forskningsfond, til open dag for næringslivet på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund tysdag 5. juni, kl. 10 – 16.

(frå venstre) Øyvind Herse, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arthur Almestad, regionansvarleg Forskingsrådet og Anna-Marie Hatlestad, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her vil du få høyre om kva praktiske erfaringar bedrifter har frå forsking og innovasjonsarbeid, og få eit innblikk i aktuelle verkemidlar for bedrifter som ønskjer å satse meir på forsking og innovasjon for å styrke konkurransekrafta.

Forskingsrådet vil også informere om utlysinga på 1 milliard kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Her er det søknadsfrist 10. oktober, med moglegheit til å sende inn skisser i forkant.  

For påmelding og program klikk her: https://forskningsradet.pameldingssystem.no/apen-dag-alesund

Arrangementet er gratis.

Velkommen!