Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Reiseliv: Korleis utvikle lønnsame opplevingar?

Kontaktpersonar

Jan Sverre Sivertsen Jan Sverre Sivertsen
prosjektleiar
Mob. 414 50 642
Send e-post
Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Reiseliv: Korleis utvikle lønnsame opplevingar?

I Møre og Romsdal er fire nye reiselivsprodukt eller opplevingspakkar under utvikling. Til sommaren vil dei første produkta vere klare for marknaden.

Første nettverkssamling for utviklarar av nye reiselivs- og opplevingsprodukt i Møre og Romsdal.

Dei fire prosjekta «Smaken av Smøla» (Smøla), «Opplevelser i fossenes rike» (Sunndal), «Smaken av Sunnmøre» (Stranda) og «Opplev Tingvoll» (Tingvoll) fekk hausten 2018 støtte frå både Innovasjon Noreg og Møre og Romsdal fylkeskommune til å utvikle nye opplevingspakkar. Målgruppa er turistar frå inn- og utland.

I mai møttest nettverka til første samling. Der fekk deltakarane tid til å utveksle eigen erfaring og få innblikk i kva som kjenneteiknar andre nettverksprosjekt som har nådd opp og fram med sine opplevingsprodukt.

Tenker langsiktig

-Prosjekta modnast i ulikt tempo, noko som er ein stor fordel. Dei som er er i tidleg fase kan lære av dei som har kome lenger. Samtidig kan dei som har kome lengst, sjå at det kan vere lurt å ta eit steg tilbake og kjøre gode prosessar. Målet er å utvikle lønnsame reiselivsprodukt som vil vare ut over dei to åra prosjekta får offentleg støtte, seier Jan Sverre Sivertsen. Han er prosjektleiar for fylkeskommunen si satsing «Reiseliv, mat og kultur».

-Når vi samlar så mange aktørar innan opplevingsnæringar, oppstår det også nye koplingar og samarbeid på tvers av prosjekta. Det er ein stor bonus, seier Sivertsen.

Eit par av nettverka melder om at nokre av dei nye reiselivsprodukta vil vere klare for sal allereie til sommaren. Neste fellessamling vil skje hos aktørane, slik at nettverka får moglegheita til å vurdere kvarandre sine produkt.