Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Send inn forslag til Fylkesprisen Årets Bedrift

Send inn forslag til Fylkesprisen Årets Bedrift

Møre og Romsdal fylkeskommune etterlyser kandidatar til Fylkesprisen Årets Bedrift. Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service. 

Veit du om ei bedrift i Møre og Romsdal som du meiner har utmerka seg på ein eller fleire måtar i løpet av året som har gått? Då ønskjer vi å høyre frå deg. 

Send inn ditt forslag på www.mrfylke.no/aretsbedrift innan 1. februar 2018.

Skriv kort om bedrifta og kvifor du meiner bedrifta fortener prisen.

Ved tildeling av prisen vil vi legge vekt på følgande:

  • Bedriftsøkonomi
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil)

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren av Fylkesprisen Årets Bedrift. 

Tidlegare vinnarar:

2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune
2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune
2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune
2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
2008: Odim AS, Hareid kommune
2007: Brunvoll AS, Molde kommune
2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune