Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post
Angela Hagen Angela Hagen
kst. stabsleiar og rådgivar
71 28 02 17 /
Mob. 975 49 215
Send e-post

Startstipend kreativ næring

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil fire startstipend á 100 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn som vil starte eller vidareutvikle bedrift i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Du må vere mellom 20 og 39 år, vere folkeregistrert i Møre og Romsdal og ha ambisjon om å starte eller vidareutvikle bedrift i Møre og Romsdal. Du må minimun ha fagutdanning i eitt av dei kreative faga (trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio). 

Stipendet skal gå til deg som er i startfasen på bedriftsetablering (enkeltpersonforetak eller AS). Bedrifter som har eksistert i meir enn tre år, blir ikkje rekna som startfase. 

Kva skal du skrive i søknaden?

Du må beskrive kva du har tenkt å tene pengar på og korleis du har tenkt å bruke stipendet. Vi legg stor vekt på forretningspotensialet, det vil seie samanhengen mellom behovet i marknaden og produktet eller tenesta du har tenkt å tilby. Vi legg også vekt på grad av nyskaping, altså om det du vil tilby er noko nytt eller om dette er noko som finst i marknaden frå før. 

Vedlegg til søknaden

Du skal legge ved vitnemål frå di høgaste utdanning (ikkje legg ved vitnemål frå videregåande skole, kursbevis eller attestar). 

Søknadsfristen er no gått ut

Merk deg også at

  • søkarar med dei beste ideane må vere forberedt på komme og presentere ideen sin for ein jury. Vi vil ta direkte kontakt med aktuelle søkarar. 
  • personar som får stipend, må delta på gründeropplæring i regi av hoppid.no. Kurskostnadane blir dekt. 
  • Stipendet er skattepliktig 

Er det noko du lurer på, ikkje nøl med å ta kontakt.