Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Støtte til inkubator på Nordmøre

Innovasjonsselskapet Vindel AS i Kristiansund får midlar frå fylkeskommunen for å drive fram nye idear og nye bedrifter.

Skjermdump fra nettstaden til Vindel AS

Vindel AS skal utvikle næringslivet på Nordmøre, og inkubatorprogrammet er ein viktig føresetnad for å få dette til. Inkubatoren arbeider for å få fram fleire idear, nye bedrifter og innovasjon og utvikling i eksisterande bedrifter.

Viktig for regionen

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar inkubatorverksemda i Vindel AS med kr 750 000 kroner. Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag denne veka.

-Med den store usikkerheita næringslivet i regionen står i, er det nødvendig med eit slik motor som Vindel AS. Ein operativ og proaktiv inkubator kan legge grunnlaget for ny vekst og utvikling av framtidige næringar, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Vindel AS vart etablert i 2016, etter samanslåing av Bølgen Næringshage og Knudtzonsenteret i Kristiansund. Midlane blir tildelt frå SIVA og fylkeskommunen, på grunnlag av at selskapet er tatt opp i det nasjonale inkubatorprogrammet.

Les heile saksframlegget

Innovasjon i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen er støttespelar og medfinansiørar av kunnskapsparkar, industriinkubatorar og næringshagar i heile fylket. Her finn du ei oversikt over kven som arbeider for innovasjon og nyskaping i fylket vårt.