Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Stor pågang frå gründerar

Fleire kommunar i Møre og Romsdal melder om auka pågang frå folk som ønskjer å starte eigen bedrift. Fylkeskommunen fyller på med midlar der trykket er størst. 

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad

I 2017 tildeler fylkeskommunen 4 mill. kroner til hoppid.no-midlar for å avklare forretningsidear for nyetablerarar. Det er allereie tildelt 3. mill. kroner, og no skal resten raskt delast ut til kommunar som rapporterer om stor etterspurnad.

Møre og Romsdal er eit gründerfylke og har ein jamt tilfang av nye bedrifter. No er det fleire kommunar som melder om større pågang. Til dømes er det første gang på fleire år at Aure har brukt opp hoppid.no-midlane før året er omme.

Kven er den typiske gründeren?

-Det er stor idévariasjon i fylket, alt frå digitale løysingar for marin, helse og undervisning til sals- og distribusjonsløysingar for handel- og servicenæringane. Vi finn forretningsidear der forskingsmiljø og eksisterande næringsliv blir kopla saman, idear knytt til reiseliv og kreativ næring og idear til knoppskytingsprosjekt i etablert industri, seier Landstad.

Regional- og næringsutvalet skal behandle saka om fordeling måndag 24. oktober. 

Kommune 1. tildeling 2. tildeling Totalt
Molde        277 000            277 000
Ålesund        490 000            490 000
Kristiansund        222 000       190 000          412 000
Vanylven                      -          60 000            60 000
Sande           20 000          60 000            80 000
Herøy                      -                         -
Ulstein                      -                         -
Hareid                      -                         -
Volda        120 000            120 000
Ørsta        107 000          90 000          197 000
Ørskog                      -                         -
Norddal           95 000              95 000
Stordal        100 000            100 000
Stranda                      -          60 000            60 000
Sykkylven        110 000          90 000          200 000
Skodje                      -                         -
Sula           40 000              40 000
Giske                      -                         -
Haram        160 000            160 000
Vestnes        140 000            140 000
Rauma           82 000          90 000          172 000
Nesset           74 000              74 000
Midsund                      -                         -
Sandøy        100 000          60 000          160 000
Aukra           64 000          60 000          124 000
Fræna        160 000            160 000
Eide           50 000              50 000
Averøy           80 000              80 000
Tingvoll           38 000              38 000
Sunndal        140 000            140 000
Surnadal        120 000            120 000
Rindal           94 000          60 000          154 000
Halsa           94 000          60 000          154 000
Smøla           23 000          60 000            83 000
Aure                      -          60 000            60 000
Møre og Romsdal     3 000 000    1 000 000      4 000 000

Kommunar som ikkje har fått hoppid.no-midlar i 2017 har avklaringsmidlar ståande utbrukt.   

Her kan du lese heile saksframlegget.

Kva er hoppid.no-midlar?

Formålet med hoppid.no-midlar er å gjennomføre mindre, men avgjerande aktivitetar i første fase av ei bedriftsetablering. Poenget er å få avklart så tidleg som mogleg om ein forretningsidé er liv laga, og kva som trengst for å utvikle ideen vidare. Dette er den første offentlege støtta ein gründer kan få, før tilskot frå kommunale næringsfond eller etablerartilskot frå Innovasjon Norge. Årleg ramme vert tildelt kommunane, men skal forvaltast av kommunen sitt hoppid.no-kontor. Det kan delast ut inntil 30 000 kroner til kvar forretningsidé. Ordninga er finansiert frå tiltaksfondet i fylkeskommunen og er unik for Møre og Romsdal.