Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Rebekka Varne Rebekka Varne
Rådgivar akvakultur
71 28 03 51 /
Mob. 918 59 402
Send e-post
Lasse Kristiansen
Rådgivar
71 28 03 17 /
Mob. 971 00 507
Send e-post

Studentar på taretur til Trondheim

Seks studentar og ein lærar frå prosessteknikk-linja på Fagskolen i Kristiansund har vore på ein to-dagars tur til teknologimiljøet i Trondheim for å lære om dyrking og forsking på tare.

Andreas Lavik hos Seaweed Energy Solution viser morplantene. Foto: Lasse Kristiansen.

Studentane besøkte SINTEF, Seaweed Energy Solutions og TINE. I laboratoria til SINTEF blir det dyrka og forska på mikro- og makroalger, og på korleis oljesøl påverkar det marine miljøet. Etterpå gjekk turen til Seaweed Enery Solutions, eit selskap som ligg langt framme i Noreg på dyrking, hausting og prosessering av tare. Siste stopp var ei synfaring på prosessanlegget til TINE.

Siste nytt på tarefronten

Gruppa vart godt tatt imot av Trondheimsmiljøet, som var rause med å dele kunnskap. -Vi fikk masse påfyll med oppdatert informasjon og har knytt mange nye kontaktar som kan bli viktig for Fagskolen i Kristiansund, seier faglærar Rannveig I. Gaarden.

Forskar Silje Forbord ved makroalgelaben hos SINTEF

Forskar Silje Forbord ved makroalgelaben hos SINTEF

Mogleg framtidsnæring for Møre og Romsdal

Som eit ledd i å utvikle faget marin bioprosess, har fagskolen fått eit mikroalgeanalegg. Her har fylkeskommunen, som er skoleeigar, bistått skolen med å søke midlar frå Kunnskapsdepartementet. Fylkeskommunen har også eit taredyrkingsprosjekt som snart skal i gang, og her skal fagskolestudentane involverast der det er naturleg. -Vi har eit tett samarbeid med Fagskolen i Kristiansund, og saman har vi felles interesser innan algedyrking som ei mogleg framtidsnæring, seier rådgivar på akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rebekka Varne.

Ettertrakta kompetanse 

Trondheimsturen er eit tiltak for å utvikle fagskolen, særleg den prosessfaglege kompetansen, og vart finansiert av Norsk Petroleumsforening i Møre og Romsdal og Utdanningsdepartementet. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore med som tilretteleggar og samarbeidspart. -Vi må lære av dei beste for å utvikle utdanning og kompetanse som er ettertrakta både i og utanfor regionen vår, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lasse Kristiansen.