Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Sunnmøre får traineeordning

Fylkeskommunen løyver Næringsforeininga Ålesundsregionen eit tilskot på inntil 1,22 mill. kroner frå dei regionale utviklingsmidlane til utvikling av «Trainee på Sunnmøre»

Foto: Næringsforeningen - Ålesundregionen. Bildet er tatt på Næringsforeninga sin stand på utdanningsmessa «Sjekk inn» i romjula 2017.

Sunnmøre ønskjer at fleire unge folk med høgare utdanning skal velje Ålesund framfor Oslo, Bergen og Trondheim. Næringsforeininga ønskjer derfor å etablere ei traineeordning som eit verktøy for rekruttering.

-Vi har svært gode erfaringar med traineeordningane på Nordmøre og i Molderegionen og er glad for at det no og vert etablert ei ordning for Sunnmørsbedriftene, seier leiar for regional– og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Utviklingsprogram

Næringsforeninga har mål om å få på plass trainee-ar allereide frå hausten 2019, og 15 trainee-ar frå hausten 2020. I tillegg til traineestilling i ei bedrift eller i ei offentlig verksemd, skal traineeprogrammet følgje opp kandidatane med ei mentorordning og eit utviklingsprogram. I utviklingsprogrammet vil merksemda vere på fagleg utvikling og sosialt innhald. Næringsforeninga vil også gi trainee-ane tilgang til nettverket U37, som gir dei ein sosial arena utanfor jobb.

Ønskjer å rekruttere breitt

Målgruppa for trainee-ane er kandidatar av begge kjønn som har bachelor eller mastergrad innan fagretningar som bedriftene i traineeprogrammet etterspør. Næringsforeninga ønskjer å rekruttere breitt når det gjeld bakgrunn, bransje, fag, geografi og sosial kompetanse.