Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > The North West: Havrommet og verdiskaping

Kontaktpersonar

Kristoffer Jenssen
Teamleiar
71 28 04 40 / Mob. 909 51 392
Send e-post

The North West: Havrommet og verdiskaping

-Ja, regionbygging handlar om attraktive og smarte byar, godt utdannings- og kulturtilbod og gode samferdselsløysingar. Men for at vi skal få det til, er vi avhengige av at nokon skapar verdiane.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik (t.h.) opna dag 2 av The North West. Arne Hjeltens var konferansier. 

Slik opna fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik dag 2 på konferansefestivalen The North West i Ålesund, kor «havrommet» var den samlande overskrifta.

Samferdselsminister Jon Georg Dale vart utfordra på kva strategi myndigheitene har for framtidig krav til sjøtransport.

-Norske politikarar har i fleire tiår snakka om at gods skal over frå veg til bane og frå veg til sjø. Det målet har vi ikkje nådd. Det er svært vanskeleg å få til politiske vedtak på kvar transporten skal gå. Dei kommersielle vurderingane vil vinne. Skal vi lykkast, må vi prioritere tøffare enn det politikarane har vore villige til, sa ministeren, som viste til ny hamne- og farvasslov som kjem i løpet av kort tid.

The North West dag 2 Havrommet

The North west dag 2 Havrommet

Teknologien er på plass

Svein Kleven frå Kongsberg Maritime (tidlegare Rolls-Royce Maritime) seier at teknologien er klar. –Vi har teknologien for både autonomi og navigasjon, men vi treng ein digital infrastruktur i hamna – sensorar som kan ta imot dei autonome båtane. Dette er eit samfunnsansvar og må på plass.

Tore Ulstein frå Ulstein Gropu etterlyser ei kraftsamling om havrommet og at myndigheitene også er med på utvikle marknaden. -Det handlar om å forstå kundebehovet og korleis vi kan løyse problema som kundane har. Vi må også få eit betre samspel mellom aktørane i verkemiddelapparatet.

Del to av programmet handla om berekraftig hausting frå havet. Korleis står det til med  «helsetilstanden» i havet? Korleis utnytte ressursane i havet på ein meir berekraftig måte? Korleis kan vi ta i bruk ein større del av råstoffet gjennom å utvikle nye produkt og bruksmåtar? Og korleis ser vi for oss ei blågrøn verdikjede i Møre og Romsdal, basert på råstoff frå havet og frå land? 

Til å svare på desse spørsmåla fekk vi innlegg frå Karoline Andaur frå WWF, Tormod Thomsen frå Blue Leagasea og Turid Strøm frå NORSØK. 

Møre og Romsdal fylkeskommune er medarrangør av konferansefestivalen The North West i Ålesund. Dette er andre året konferansen blir arrangert. 

Fleire bilde frå The North West

Kristin Krohn-Devold og Jan Sverre Sivertsen

-Ja, regionbygging handlar om attraktive og smarte byar, godt utdannings- og kulturtilbod og gode samferdselsløysingar. Men for at vi skal få det til, er vi avhengige av at nokon skapar verdiane.

Fylkesordførar Jon Aasen og ordførarane i arrangørkommunane ønskjer velkommen til The North West

Fylkesordførar Jon Aasen og ordførarane i arrangørkommunane ønskjer velkommen til The North West

Møteplassen The North West

Møteplassen The North West

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik signerer intensjonsavtale om Ålesund Smart City

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik signerer intensjonsavtale om Ålesund Smart City-samarbeid