Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > To tusen nye arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2018

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

To tusen nye arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2018

Møre og Romsdal hadde i 2018 ein vekst på vel 1150 arbeidsplassar i næringslivet, 560 i kommunal sektor og 160 i statlege arbeidsplassar. -Svært gledeleg, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Bergljot Landstad, regional- og næringssjef er glad for dei nye arbeidsplassane i fylket. (foto: Terje Aamodt)

Tala bygger på SSB sin sysselsettingsstatistikk som kom denne veka. I kjølvatnet av oljepriskorreksjonen i 2014 mista Møre og Romsdal fire – fem tusen arbeidsplassar. I 2017 var det fortsatt nullvekst i arbeidsplassar i fylket når ein ser bort frå kommunal sektor. Men i fjor er altså veksten tilbake igjen med 1898 registrerte nye arbeidsplassar.

Gledelig at næringslivet igjen er i vekst

– Møre og Romsdal har vore gjennom ei krevjande omstilling etter oljenedturen, og mange har stått hardt på for å skape ny vekst. Endeleg ser vi tal som stadfestar at utviklinga går i riktig lei, seier Landstad

2 av 3 nye arbeidsplassar er i næringslivet.  Størst er veksten innafor tekniske konsulentar, transportmiddel, fiske/akvakultur og tenester for eigedomsdrift. -Det er svært viktig at det er næringslivet som igjen er i førarsetet for arbeidsplassveksten med god spreiing over fleire bransjar, seier Landstad

160 nye statlege arbeidsplassar

Møre og Romsdal har i den seinare tid hatt ekstra fokus på statlege arbeidsplassar. I fjoråret 2018 kunne ein notere 163 nye statlege arbeidsplassar – mange innafor høgskolane og helseforetaket.

Dei kommunane som har hatt størst effekt av veksten i statlege arbeidsplassar er Ålesund, Volda, Kristiansund og Fræna.

Tala er henta frå SSB.

Vi gjer merksam på at tala ikkje kan samanliknast fordi SSB i 2017 registrerte NTNU Ålesund i Trondheim. I vår oversikt har vi korrigert for dette.