Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Tre fylke konkurrerer om nytt utdanningstilbod for fjellførarar og ski-guidar

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Tre fylke konkurrerer om nytt utdanningstilbod for fjellførarar og ski-guidar

Norsk Høgfjellskole kan bli etablert i Møre og Romsdal, nærare bestemt i tindehovudstaden Åndalsnes. Fylkeskommunen støttar tiltaket med inntil ein halv mill. kroner.

Godkjente tinderettleiarar er kvalifiserte til å rettleie og føre i særskilt vanskeleg terreng og har ekspertkunnskap på klatring, brevandring, skikøyring og skredvurdering. Bildet er frå Finnan i Rauma kommune. Foto: Petter Jenset. 

Det er organisasjonen Norske Tindevegledere (NORTIND) som ønskjer etablere Norsk Høgfjellskole - ein fagskole for skiguidar, fjell- og breførarar. Dei har søkt om tilskot frå Møre og Romsdal, Buskerud og Sogn og Fjordane til det same prosjektet, og fylka er invitert til å konkurrere om lokaliseringa av skolen. Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal lokkar med ein halv million kroner dersom skolen blir lagt til Møre og Romsdal.

Bør ligge på Åndalsnes

-Vi ønskjer at NORTIND skal etablere seg på Åndalsnes. Dette vil både styrke byen som tindehovudstad og posisjonen til Norsk Fjellfestival. I tillegg har Norsk Tindesenter mål om å bli eit nasjonalt knutepunkt for kompetanse om bratt friluftsliv. Derfor meiner vi at Norsk Høgfjellskole absolutt bør ligge i Rauma, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim. 

-Reiselivsnæringane har dei seinare åra hatt ei svært god utvikling, og særleg ser vi ein auke i aktivitetar og «adventure tourism». Denne auken er spådd å halde fram i åra som kjem, og det er heilt klart behov for ei slik type utdanning, seier han.

NORTIND vart etablert i 1978, og har fram til i dag utdanna fjellførarar i eigen regi. I dag blir det blir det uteksaminert 6 – 8 tinderettleiarar årleg. Målet er å utdanne langt fleire; 20 skiguidar, 12-14 tinderettleiarar og 8 nye bre- og fjellførarar årleg.

Regional- og næringsutvalet behandla saka tysdag 5. februar. Du kan lese heile saksframlegget her.