Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Ulstein kommune får 2,99 mill.kr. i støtte til opparbeiding av attraktive uterom ved Ulstein arena

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Arne Dag Gjærde Arne Dag Gjærde
Tettstadkorrdinator
71 28 03 49 /
Mob. 913 35 536
Send e-post

Ulstein kommune får 2,99 mill.kr. i støtte til opparbeiding av attraktive uterom ved Ulstein arena

Nyleg opna Ulstein Arena med bibliotek, klatrehall, idrettshal og symjehall. No skal også utearealet utanfor bygget utviklast til ein attraktiv og funksjonell møteplass

No skal utearealet til Ulstein Arena blir ein attraktiv møteplass.

Tysdag 5. desember løyvde fylkespolitikarane midlar til prosjektet, frå Tettstadprogrammet.

- Med alle dei ulike bruksområda sine, vil Ulstein Arena vere ein attraksjon som trekker til seg folk store delar av døgeret. Då er det viktig med eit uteareal som inviterer folk til å møtast og legg til rette for trygg ferdsel til fots mellom ulike aktivitetar, seier tettstadkoordinator Arne-Dag Gjærde i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Leik og arrangement

Utearealet vil omfatte sykkelparkering, gummilandskap med leike- og klatrelement, benkar, vassrenne og grønt-areal. Det vert lagt til rette for universell utforming og bruk også vinterstid.

- Det felles utearealet blir ein viktig del av Ulsteinvik, og knyt saman skuleområdet med sentrum. Vi trur at investeringane fører til auka folkeliv, handel og bruk av servicetilboda. Anlegget vil også bidra til bulyst og attraktivitet, seier Gjærde

Det nye uteområdet vil også kunne innby til kulturelle aktivitetar. Eit mål for kommunen er mellom anna fleire større publikumsarrangement i sentrum på denne sentrale møteplassen.

Fyrtårn

Gjærde ser Ulsteinvik som eit fyrtårn i tettstadarbeidet. Kommunen har jobba mykje med sentrumsutvikling  som ein del av ein langsiktig strategi.

- Ulsteinvik med Ulstein Arena er eit godt døme på ein langsiktig strategi for å skape attraktive byar og tettstader.  Derfor er det naturleg for oss å arrangere den nasjonale Bylivskonferansen i 2018 nettopp i Ulsteinvik, seier Gjerde.

Uteområdet som no har fått støtte er utforma i samarbeid mellom kommunen, landskapsarkitekten og Tettstadprogammet i fylkeskommunen. Programmet arbeider for at tettstader og kommunesenter i Møre og Romsdal skal ha fleire gode møteplassar og bustadar for folk i ulike aldersgrupper, betre universell utforming og redusert miljøbelastning. Programmet tilbyr mellom anna prosjektutvikling, rettleiing og økonomisk støtte til prosjekt og tiltak som gjer sentrum meir attraktive for folk.