Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Vil styrke forskingssamarbeid på landbruk og marin

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Runar Vestheim
91 17 77 24 /
Mob. 911 77 724
Send e-post

Vil styrke forskingssamarbeid på landbruk og marin

Fylkespolitikarane gir inntil 5 mill. kroner til forskingsmiljø for tettare samarbeid mellom landbruk (grøn sektor) og marin (blå sektor) i Møre og Romsdal.

Fotocollage: Møreforsking

Møreforsking Ålesund, Norsk senter for økologisk forsking (NORSØK) og Runde Miljøsenter ønskjer å posisjonere seg for framtidige forsking på kystøkologi på internasjonalt nivå. Møreforsking har på vegner av dei tre samarbeidspartane søkt fylkeskommunen om støtte til dette. Regional- og næringsutvalet behandla saka i tysdag 11. juni og løyvde inntil 5 mill. kroner.  

Grunnlag for næringsutvikling

-Forsking danner i stadig større grad grunnlaget for innovasjon og næringsutvikling både marin og landbrukssektoren. Det er komplekse problemstillingar som det trengst tverrfagleg samarbeid for å løyse, seier leiar i regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Tverrfagleg kompetanse

Den faglege samansetninga i dei tre forskingsmiljøa gjer det naturleg å arbeide for å bygge opp ein tverrfagleg kunnskapsbase og kompetansemiljø innafor blå og grøn sektor.

Eksempel på tiltak som får støtte er datagrunnlag, beitestudie på dyrevelferd, forskarnettverk og kartlegging av restråstoff frå landbruk og villfanga sjømat, vidareforedling og vurdering av nye bruksområde.

-Fylkeskommunen arbeider for å auke verdiskapinga i næringane i fylket. Eitt av måla er å bygge opp om verdikjedene og utfylle desse slik at stadig meir av råstoffa blir utnytta og tilverka i regionen, seier Vestheim.

Her kan du lese heile saka