Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > hoppid.no får 15 EU-millionar til gründerprosjekt

Kontaktpersonar

Malene Aaram Vike Malene Aaram Vike
Prosjektleder
71 28 03 08 /
Mob. 918 93 231
Send e-post
May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post
Cecilia Lillthors Cecilia Lillthors
Internasjonal rådgivar
71 28 03 14 /
Mob. 450 62 401
Send e-post

hoppid.no får 15 EU-millionar til gründerprosjekt

Vi skal gjere det lettare å starte og drive bedrift.

Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommunen er glad for EU-støtte til gründerprosjekt.

Onsdag slapp EU nyheiten: Som eit av 54 prosjekt frå heile Europa, får Møre og Romsdal fylkeskommune 15 millionar kroner til prosjektet OSS (One Stop Shop) som skal forbetre gründertenesta i fylket og i dei seks andre deltakarlanda.

- Både EU og vi satsar på entreprenørskap, så her traff vi på tema i søknaden. Å skape nye jobbar er viktig for alle regionane som er involvert. Derfor er prosjektet vinn vinn for alle deltakarar. EU skal lære av oss, og vi skal lære av dei. Den endelege vinnaren er gründeren som skal få eit endå betre støtteapparat, seier Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Verktøykasse

Prosjektet skal gå over fem år og involverer England, Bulgaria, Spania, Slovenia, Polen og Belgia. Når det er ferdig, skal deltakarane sitte igjen med ei verktøykasse med erfaringar og ekspertise som skal brukast til å vidareutvikle gründerhjelpa.

- For oss inneber dette ei stor satsing på entreprenørskap. Vi skal bygge eit komplett økosystem for den som ønsker å starte bedrift. One Stop Shop ligg det at gründeren skal finne all hjelpa han eller ho treng ‘i ein butikk’, seier Landstad.

Deltakarlanda skal dele kunnskap, erfaringar og konkrete døme med kvarandre. OSS skal utvikle ei rådgivingsteneste og gode digitale løysingar for gründeren. Prosjektet vil mellom anna også sjå på mentoring, samarbeid mellom etablerar og næringsliv og tilgang på kapital.

Deltakarane har felles mål, men ulike utfordringar.

- Vi ønsker at nystarta bedrifter skal ha lenger levetid og at fleire skal starte bedrift, seier Landstad.

Felles løft

Fylkeskommunen har også tidlegare deltatt som partner i fleire interreg-prosjekt i EU, men det er første gongen fylkeskommunen  sit i førarsetet som prosjektleiar.

-   No skal vi brette opp ermane. Dette er eit omfattande prosjekt, men vi har dyktige folk i hoppid.no og ein solid infrastruktur som vil ro dette vel i hamn.

hoppid.no er fylkeskommunen si gründerteneste i samarbeid mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og kommunane. Nær kvar kommune har eit hoppid.no-kontor. hoppid.no tilbyr råd og rettleiing, kurs, møteplassar og nettverk for gründerar.

 Av dei 234 søknadane til EU-prosjekt, var det 23 prosent som kom gjennom nålauga.