Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Randi Karin Asbjørnsen Randi Karin Asbjørnsen
(Sml) leiar Regional- og næringsutvalet
Mob. 915 31 313
Send e-post
Anita Steinbru Anita Steinbru
Seniorrådgivar
71 25 81 89 /
Mob. +4741642523
Send e-post

Fylkesprisen Årets Bedrift til Ulmatec Pyro

Vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014 er Ulmatec Pyro AS i Haram. Gode resultat over tid, nye produkt og sterkt engasjement for lokalsamfunnet er høve som juryen har lagt vekt på i si grunngjeving. 

Jan Petter Urke

Ulmatec Pyro AS er vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014. Bedrifta leverer energigjenvinningssystem for skip, der spillvarme frå kjølesystem og eksos vert henta ut og gjenbrukt om bord på fartøyet, noko som reduserer energibruken. Selskapet har i tillegg utvikla system for nye måtar å bruke energien på.

Ulmatec Pyro

-Dette var ei svært gledeleg melding å få, seier administrerande direktør i Ulmatec Pyro, Jan Petter Urke.

-Vi har jobba veldig hardt både med nye produkt men også med nye marknader. Det krev mykje av alle tilsette, og eg gler meg til å videreformidle nyheita. Denne prisen betyr mykje for heile bedrifta. No blir det kake!, seier han.

Ulmatec Pyro har 42 tilsette (2015) og ei omsetning på kr. 67 mill. (2014). I 2014 fekk selskapet si største kontrakt så langt, med avtalen om å levere system for utnytting av spillvarme på to nye riggar som Statoil bygger i Sør-Korea. Bedrifta er også blitt sertifisert etter ISO-9001 og kan levere produkt i henhold til NORSOK-standard, eit kvalitetsstempel som vil opne fleire dører.

Imponerande resultat

-Det som har imponert oss med Ulmatec Pyro er at bedrifta har utvikla ei rekke nye produkt og system og vist gode resultat over tid, seier leiar for Regional og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen.

-Miljøvennleg skipsfart er eit av konkurransefortrinna for maritim næring i Møre og Romsdal. Det er avgjerande at industrien er i stand til å utvikle miljøvennlege løysingar. Ulmatec Pyro er eit godt døme på dette.

Rekordmange forslag

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune v/Regional- og næringsutvalet som kvart år deler ut Fylkesprisen Årets Bedrift. I år kom det inn rekordmange forslag; 29 kandidatar har vore med å kjempa om den gjeve prisen.

Prisen vert delt ut på Fylkestinget i April.

Kontakt:

Randi Asbjørnsen, leiar av Regional- og næringsutvalet, tlf. 915 31 313

Jan Petter Urke, adm.dir. i Ulmatec Pyro. Tlf. 911 09 201

Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift:

  • 2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
  • 2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
  • 2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
  • 2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
  • 2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
  • 2008: Odim AS, Hareid kommune
  • 2007: Brunvoll AS, Molde kommune
  • 2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
  • 2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
  • 2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
  • 2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
  • 2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
  • 2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune