Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond for 2018.

Fondet skal nyttast til å finansiere tiltak/prosjekt som skal fremme ei berekraftig lakseoppdrettsverksemd og fremme villaksinteressene i Møre og Romsdal.

Søknadsfristen er 1. september 2018.

Tiltak/prosjekt som kan få støtte i 2018 

  • Kompetanse og FoU-basert nyskaping i havbruksnæringa basert på regjeringa sine fem berekraftelement (rømming/genetisk påverknad, forureining/utslepp, sjukdom/parasittar, areal og fôrressursar). Prosjekt som bidreg til å utvikle lukka sjøbaserte oppdrettsmerdar i fylket. 
  • Utgreiing og kartlegging i samband med oppdatering av kystsoneplanar i kommunane i fylket.
  • Tiltak for å hjelpe villaksen og for å skape god sameksistens mellom villaks og havbruk i Møre og Romsdal.

Tiltak og prosjekt som blir støtta skal vere forankra i Møre og Romsdal.

Vi kan støtte inntil 50 % av kostnadane.

Søkeportal: regionalforvaltning.no (ordninga heiter Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond 2018)

Kontaktpersonar

Arve Slettvåg Arve Slettvåg
Rådgivar akvakultur
71 28 03 54 /
Mob. 975 39 265
Send e-post
Birgit Aarønæs Birgit Aarønæs
Leiar fagteam marin og naturressurs og internasjonal koordinator
71 28 03 53 /
Mob. 918 86 088
Send e-post

Søk elektronisk

Søkeportal: www.regionalforvaltning.no

Husk fristen 1. september 2018

Kva er Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond?

I samband med tildeling av konsesjonar for laks og aure i 2009, fekk fylkeskommunane 21 mill. kroner i frie midlar. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok og opprette eit Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond med desse midlane. Fondet skal nyttast til å finansiere tiltak/prosjekt som skal fremje ei berekraftig lakseoppdrettsverksemd og fremje villaksinteressene i Møre og Romsdal.