Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prosjekt statlege arbeidsplassar

Prosjekt statlege arbeidsplassar

Møre og Romsdal treng fleire statlege arbeidsplassar. Fylket har 4.000 færre statlege arbeidsplassar enn snittet for dei andre fylka, målt etter storleik på arbeidsmarknaden. Dette utgjer nesten like mange arbeidsplassar som Møre og Romsdal mista i nedturen i olje- og leverandørnæringane dei siste 2-3 åra. 4.000 arbeidsplasser representerer ei direkte årleg innsprøyting i den regionale økonomien i fylket på 2 milliardar.

Fylkeskommunen har derfor tatt initiativ til å etablere eit eige prosjekt som skal arbeide med å få fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Formålet er at eit større innslag av statlege arbeidsplassar i arbeidsmarknadane i Møre og Romsdal vil gjere dei både meir attraktive og robuste. 

Ambisjonar, rammer og tiltak

Statlege retningslinjer

Handlingsplan statlege arbeidsplassar 2018

Kommunevis utvikling av statlege arbeidsplassar i 2017

   

Nyheiter


To tusen nye arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2018

Møre og Romsdal hadde i 2018 ein vekst på vel 1150 arbeidsplassar i næringslivet, 560 i kommunal sektor og 160 i statlege arbeidsplassar. -Svært gledeleg, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Les meir

Uttale om organisering av Statens vegvesen

Fylkesutvalet skal måndag behandle forslag til uttale om framtidig organisering av Statens vegvesen. 

Les meir

Færre statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2017

Møre og Romsdal starta i fjor eit prosjekt for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Resultatet etter det første året med prosjektet er derimot at det vart 50 færre statlege arbeidsplassar som skuldast reduksjonar i helseforetaket. 

Les meir

Helfo vil halde fram i Ørsta

Regjeringa har avgjort at Ørsta skal halde fram i den nye kontorstrukturen til Helfo, saman med Fredrikstad, Tønsberg, Sola og Mo i Rana. 

Les meir

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post