Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Samfunnsutvikling

Samfunnsutvikling

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar, levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø. 

Kva kan vi hjelpe med?

Fylkeskommunen er ein medspelar i samfunnsutviklinga. Vi arbeider med tilrettelegging, det betyr tiltak som kjem kommunar og samfunn til gode. Dette kan vere tiltak som den enkelte kommuna ikkje har moglegheit til å sette i gang aleine. 

Vi kan tilby: 

  • Rådgiving til planlegging, organisering, innhald og framdrift av utviklingsprosjekt i kommunane
  • Prosjektleiing og rådgiving i byutvikling   
  • Rådgiving i tettstadutvikling 
  • Bistand til kommunar som er i omstilling, der målet er å skape nye arbeidsplassar
  • Rettleiing til oppstart av forskings- eller innovasjonsprosjekt i offentleg sektor
  • Rettleiing til nasjonale eller internasjonale støtteordningar
  • Rettleiing til å kome i gang med EU-prosjekt og finne EU-midlar
  • Fagmøte, seminar, kurs og konferansar
  • Økonomisk støtte (sjå eige menypunkt)

Har du ein idé til eit prosjekt eller tiltak? Ta kontakt med ein av våre rådgivarar

Breiband

Kommunar kan søke støtte til utbygging av breiband der kapasiteten er låg og det ikkje er lønsamt for tilbydarar å bygge ut. Søknadsfristen for 2017 er 3. mai. Les meir om ordninga her. Via aPoint kan Møre og Romsdal fylkeskommune tilby kommunane 5 timar rådgiving for hjelp til å utforme søknad. Kontaktperson er Line Ekanger.  

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post