Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Byen som regional motor

Byen som regional motor

Arbeidet med utvikling av byane skjer gjennom prosjektet "Byen som regional motor". Prosjektet er initiert og leia av fylkeskommunen. Målet er å styrke attraktiviteten i byane Kristiansund, Molde og Ålesund og stimulere til vekst og utvikling. Det er også eit mål at byane tek rolla som regional motor og trekk med seg omlandet i utviklinga. Attraktive bysentra, samferdsel og kollektivsatsing, og kompetansemiljø og utdanning er satsingsområde for byutviklingsprosjektet.

Vi kan tilby: 

  • Økonomisk støtte gjennom byfondet. 
  • Fasilitere bymøte mellom den politiske og administrative leiinga i fylkeskommunen og i dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund
  • Arrangere fagsamlingar med erfaringsutveksling og kompetansepåfyll for fagpersonar med byutvikling som arbeidsfelt
 Delprosjekt under "Byen som regional motor" 

Finansiering. Byen som regional motor har vore utløysande for ei rekke delprosjekt i byane, slik som byrom, gang- og sykkelstiar og tiltak som stimulerer til leik og aktivitet i byane.  

Bysmart er ein foredragsserie på biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt. I 2017 er det fem gratis arrangement i kvar by. Foredraga blir løpande annonsert. Bysmart er samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket og biblioteka i Molde, Ålesund og Kristiansund

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post