Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bysmart

Bysmart

Bysmart er ein foredragsserie på biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt. Bysmart er samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket og biblioteka i Molde, Ålesund og Kristiansund. Arrangementa er gratis.

2019 - vår

'Buicken' - med Lars Saabye Christensen, Tom Salsberg, Amund Maarud og Mathias Eik
Vi inviterer til ein festkveld på biblioteka i byane, der Lars Saabye Christensen og Tom Salsberg stimulerer dei litteraturinteresserte med poesi, beretningar og fortellingar tonesatt av musikk. I tillegg vil musikarane Amund Maarud ( gitar) og Mathias Eick ( trompet) spele passe mengder soloinnslag med  rock, blues og jazz.

Forestillinga « BUICKEN» frir til dei musikkglade og litteraturinteresserte som er opptatt av dei gode tinga i livet, ærlege beretningar og unike fortellingar.

  • Ålesund, Parken Kulturhus, foajeen: 25. mars kl. 19.00
  • Molde, Teatret Vårt, Plassen: 26. mars kl. 19.00
  • Kristiansund, Festiviteten: 27. mars kl. 19.00

Erling Dokk Holm er forskar på byutvikling og er tilsett ved Høgskolen Kristiania. Han har skarpe meninger om byutvikling i Noreg og meiner mellom anna at velstanden i landet er trua av måten byane og regionane utviklar seg på. I framtida må byane bli sterkare motorar i den regionale utviklinga. I dette foredraget diskuterer Erling Dokk Holm kva dei enkelte byane bør gjere for å overleve i konkurransen og korleis dei samtidig kan skape gode levekår for innbyggarane.

  • Kristiansund Bibliotek: Måndag 4. mars kl. 19 00 - tema: «Kristiansund – hva skjer med en by når færre og færre vil bo der?»
  • Molde, Teatret Vårt: tysdag 5. mars kl. 19 00 - tema: «Molde – by eller noe som ligner?»
  • Ålesund, Parken Kulturhus, foajeen: onsdag 6. mars kl. 19 00, tema: «Ålesund – dysfunksjonell og vakker?»

2018 - haust

  • Olav Njølstad - atomvåpen - gjer dei verda tryggare eller farlegare? (15., 19. og 20. november)

2018 - vår

  • Marte Heian-Engdal - Israel - historie, politikk og samfunn (23., 24., og 25. april)
  • Niels Fredrik Dahl - om Mor om natten, ein personleg roman om mor og son (9., 10., 11. april)

2017 - haust

  • Jo Røislien - om matematikk (25., 26., og 27. september)
  • Edvard Hoem - om sin fjerde roman om utvandringa til Amerika (4., 5. og 7. desember)

2017 - vår

  • Ole O. Moen - USA, ei stormakt i krise
  • Kristin Sørheim - frå Ferrante til menneske på vandring
  • Ingebrigt Steen Jensen - fotballen - Møre og Romsdals viktigaste leverandør av lidenskap og fellesskap

2016 - haust

  • Frode Thuen - kjærlighetens bakgater
  • Åsne Seierstad - presentasjon av boka To søstre, familierelasjon, IS og Syria

2016 - vår

  • Peter Butenschøn og Margrethe Aas - kan Molde, Ålesund og Kristiansund bli mer attraktive byer?
  • Ingunn Notøy - verdens flyktningsituasjon

Bysmart er ein del av fylkeskommunens satsing på byutvikling. Les meir om Byen som regional motor her.

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post