Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post
Carina Stokke Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 /
Mob. 482 62 671
Send e-post

Få mentorhjelp til å utvikle bedrifta di

Driv du innan kreative næringar? No kan du søke om mentorhjelp og få kurs i forretningsutvikling.

Dei som driv kreativ næring, kan no søke om deltaking i mentorprogram og i forretningsutviklingskurs.

Meld deg på no, og delta i forretningsutviklingskurset ‘Bygg bedrift’ og mentorprogrammet etter sommaren. Pakka er skreddarsydd for kreative næringar.

- Gründerane har sagt tydeleg frå om at dei treng mentorar, og derfor har vi laga eit lågterskeltilbod for kreative næringar, seier leiar av hoppid.no, May-Britt Roald. hoppid.no er Møre og Romsdal fylkeskommune si etablerarteneste i lag med Innovasjon Norge og kommunane.

Tilbodet vil vere nyttig  både for dei som er i oppstartfasen og for dei som har drive på ei stund.

Løfte næringa

- I denne bransjen er det overvekt av enkeltpersonforetak, og mange av gründerane jobbar nokså aleine. Dei har behov for hjelp til å utvikle bedrifta si, til dømes frå ein erfaren mentor som sjølv har etablert bedrift og som brenn for å løfte fram denne næringa. No tilbyr vi ei god pakke til ein svært gunstig pris, seier Roald.

Bygg ei lønsam bedrift

For å bli med, må gründerane melde seg på eit todelt opplegg, både kurs i forretningsutvikling, ‘Bygg bedrift’, og eit eittårig mentorprogram.

På kurset Bygg bedrift lærer dei korleis dei kan bygge ei lønsam bedrift:

  • gjennom å utvikle forretningsideen og forretningsmodellen sin
  • ved å involvere kundane sine i arbeidet med å forbetre produkta sine
  • ved å styre mål og oppgåver

Målet er at deltakarane skal finne og utvikle ein marknad for kulturprosjekta sine og lære korleis dei kan jobbe i kvardagen for å skape ei solid og lønsam bedrift. Kurset går over to fagsamlingar.

Erfaren mentor

Dei som tidligare har deltatt eller skal delta på ‘Bygg bedrift’, kan søke om å vere med i eit mentorprogram over eit år. Deltakarane får då inntil 20 timar med ein mentor, i tillegg til tre nettverksmøte for å dele erfaringar med dei andre kreative bedriftene i programmet.

Målgrupper er bedrifter innan kunstnarleg verksemd, kulturarv, arkitektur, musikk, film, foto, spel og design. Oppstart vert 30. og 31. august.

Påmelding og meir informasjon her

Kurs- og mentorpakka er utvikla i samarbeid mellom Lean business og KulturBiz.

Programmet er ein del av Møre og Romsdal si satsing på kreative næringar. Målet er fleire nye arbeidsplassar innanfor kreative næringar – og auka overlevings- og innovasjonsgrad.