Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Lær å starte bedrift i Noreg!

Er du innvandrar og har lyst å skape dine eigen arbeidsplass? hoppid.no lanserer no ei kurspakke med alt som trengst for å for å starte bedrift i Norge.

Kurset skal bidra til at deltakarane skal kunne skape sin eigen arbeidsplass.

Innvandrarar med ein forretningside eller som har starta for seg sjølv, får no tilbod om kurspakken Starte bedrift i Norge.

Eigne ressursar

I løpet av fem samlingar skal deltakarane gjennom ei rekke tema, som forretningsutvikling, skatt og rekneskap, norsk forretningskultur, nettverksbygging, regelverk, sal og marknadsføring.

- Vi opplever at fleirkulturelle gründerar ofte har andre utfordringar enn norske gründerar og at dei gjerne treng ei tettare oppfølging og introduksjon i nettverk. Mange innvandrarar har ei utdanning og ein kompetanse som dei ikkje får brukt når dei buset seg i Noreg. Vi ser og at mange gründererfaring i bagasjen. Vi ønsker å bidra til at innvandrarar kan skape sin eigen arbeidsplass, til at dei får brukt ressursane sine og finn seg til rette i lokalsamfunnet, seier May-Britt Roald, leiar av hoppid.no.

Kurs på norsk

Oppstart vert den 1. november, og siste økt vert den 14. desember. Etter jul vert kurset sett opp i Ålesund. Gründerane som melder seg på kurset må kunne snakke norsk. Dei må ha ein klar forretningside og ønske om å etablere bedrift, eller nyleg har etablert bedrift.

Det er hoppid.no, Møre og Romsdal fylkeskommunes etablerarhjelp som arrangerer kurset med støtte frå IMDi. Skatt Midt-Norge underviser i skatt og moms. Påmelding innan 24. oktober. Meir informasjon og påmelding her.