Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post
Kristin Vestly Kristin Vestly
prosjektmedarbeider på hoppid.no
71 28 03 46 /
Mob. 918 89 530
Send e-post

Lær å starte bedrift i Noreg!

Er du innvandrar og har lyst å skape dine eigen arbeidsplass? Meld deg på kurspakka Starte bedrift i Norge i Ålesund som startar 9. januar. 

Dali, Tina og Mohammad vurdere å starte bedrift.

Innvandrarar med ein forretningside eller som har starta for seg sjølv, får no tilbod om kurspakken Starte bedrift i Norge. Meir informasjon og påmelding her. 

Gründermiljø

Kurset skal vere på NMK-bygget i Ålesund, slik at deltakarane kjem inn i eit 'gründermiljø'. Det er også her hoppid.no Ålesund held til. I løpet av fem samlingar skal deltakarane gjennom ei rekke tema, som forretningsutvikling, skatt og rekneskap, norsk forretningskultur, nettverksbygging, regelverk, sal og marknadsføring.

Eigne ressursar

- Vi opplever at gründerar med innvandrarbakgrunn ofte har andre utfordringar enn norske gründerar og at dei gjerne treng ei tettare oppfølging og introduksjon i nettverk. Mange har ei utdanning og ein kompetanse som dei ikkje får brukt når dei buset seg i Noreg. Vi ser og at mange gründererfaring i bagasjen. Vi ønsker å bidra til at innvandrarar kan skape sin eigen arbeidsplass, til at dei får brukt ressursane sine og finn seg til rette i lokalsamfunnet, seier May-Britt Roald, leiar av hoppid.no.

Kurs på norsk

Oppstart i Ålesund vert den 9. januar, og siste økt vert den 6. februar. Gründerane som melder seg på kurset må kunne snakke norsk. Dei må ha ein klar forretningside og ønske om å etablere bedrift, eller nyleg har etablert bedrift.

Det er hoppid.no, Møre og Romsdal fylkeskommunes etablerarhjelp som arrangerer kurset med støtte frå IMDi. Skatt Midt-Norge underviser i skatt og moms. Påmelding innan 3. januar. Meir informasjon og påmelding her.