Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > hoppid.no > Nyheiter > Vellykka nettverkssamling for gründerhjelparar i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Vellykka nettverkssamling for gründerhjelparar i Møre og Romsdal

No er det mykje som skjer i kulissane for at Møre og Romsdal skal få fleire gründerar. Digital rådgivingsteneste er på trappene, nyleg var heile hoppid apparatet på den årlege nettverkssamlinga for å dele erfaring.

Frå venstre: Aud Lindset Drågen (Fylkesmannen i Møre og Romsdal), Ane Marte Hammerø (hoppid.no Rauma), Mari Westad (Halsa næringsforum), Inger Synnøve Remme (hoppid.no Haram) Mari Dorte Michaelsen og Alfred Øverland (begge Innovasjon Norge) 

-hoppid kontora møter alt frå bitcoin-gründerar til kråkebolle-prosjekt. Enkelte kommunar opplever vekst, tilflytting og etablerarlyst, og andre merkar nedgang. Med 34 kommunar og mange hoppid-kontor, ligg det enormt mykje læring i å møtest og diskutere felles problemstillingar. Korleis gründerane beskyttar verdiane i bedrifta og korleis dei opplever tilgang på investorkapital i Møre og Romsdal er eksempel på dette, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, May-Britt Roald.

May-Britt Roald
Stor aktivitet i gründerfylket

-Det er også stor aktivitet og mange møteplassar for gründerar, blant anna gründerkafe på Averøy, gründerfrokost i Molde og Founders lunsj i Ålesund. Dette er arrangement som får gode tilbakemeldingar frå gründerane. Vårens etablerarkurs er lagt ut, sjå kurskalenderen for meir informasjon. 

Gründerrådgivinga blir digital

Noko av det viktigaste som skjer no er at vi gjer rådgivingstenesta digital. Då møter vi gründerane der dei er, seier May-Britt Roald. Prosjektleiar for dette, Malene Aaram Vike var på nettverkssamlinga og presenterte status for prosjektet, og tilbakemeldingane frå hoppid.no kontora er udelt positive, seier Roald.  

Foredraga frå nettverkssamlinga finn du her