
hoppid.no skal gjere det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Både for dei som ønskjer å etablere ei bedrift og for dei som allereie har starta for seg sjølv, er hoppid.no eit naturleg punkt å begynne. I dag finst det 30 hoppid.no-kontor, i nesten kvar kommune.
På hoppid.no-kontora får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging. I tillegg legg hoppid.no til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen.
Målet med hoppid.no er å skape nye og levedyktige bedrifter, mangfald i arbeidslivet og auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylket. hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og fylkesmannen i Møre og Romsdal.